Hopp til innhold

– Treng Strynefjellet meir enn Hemsedal

Fylkesordførar Jon Aasen frå Ap, fryktar Strynefjellet blir gløymt, og meiner sunnmøringane har meir bruk for Strynefjellet enn ny stamveg over Sogn og Hemsedal.

Jon Aasen

SKEPTISK: Fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap) slår beina under eit viktig argument for Hemsedallina, nemleg at næringstrafikken frå Sunnmøre vil køyre via Sogn.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Medan politikarar i Sogn og Fjordane kjempar for Hemsedallina som stamveg mellom Bergen og Oslo, fryktar Jon Aasen at opprustinga riksveg 15 over Strynefjellet hamnar i bakevja.

Eit viktig argument for stamveg via Sogn og Hemsedal er at nyttetrafikken frå Sunnmøre skal køyre via Sogn, men Aasen likar det dårleg.

– Vi reagerer litt negativt på at ein reknar inn Møre og Romsdal og særleg næringstransporten over Hemsedal, vårt fokus er veldig tydeleg på Strynefjellet.

– Strynefjellet er viktigast

Aasen fryktar Strynefjellet har blitt gløymt.

– Eg understrekar at det går på kjensler, for eg kan ikkje dokumentere det. Eg aksepterer at Sogn og Fjordane er opptekne av aust-vest sambandet lenger sør, for det toget går no. Men eg vonar Strynefjellet i alle fall ikkje vert nedprioritert når det gjeld å stå på, for det er den definerte aust-vest traseen for næringstransport for Nordfjord og for Sunnmøre.

Breidalen, rv 15 Strynefjellet

VÊRHARDT: Ein sikrare heilårsveg over Strynefjellet kan koste fire milliardar koner.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

Lite engasjement for Hemsedal

Aasen og Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom Vestlandsrådet støtta Hemsedal framfor Hardangervidda, men den røynde fylkesordføraren legg ikkje særleg politisk tyngde bak synspunktet.

– Engasjementet er ikkje veldig stort i forhold til dette i Møre og Romsdal, for næringstransporten er Sogn og Hemsedal nesten uinteressant.

Får støtte frå Stryn

Synet til Jon Aasen om kor trafikken vil gå får støtte frå ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

– Dei som argumenterer med å støvsuge heile Nordvestlandet for trafikk til Sogn må gjerne argumentere for det, men realitetane er noko anna.

Sven Flo

VENTAR PÅ AVGJERD: Ordførar i Stryn Sven Flo (H) trur ei avgjerd om Strynefjellet er klar til våren.

Foto: Trond Vestre / NRK

Flo har flagga støtte for Hemsedal, og er nøye med å ikkje setje Strynefjellet og Hemsedal opp mot kvarandre.

– Diskusjonen lenger sør dreier seg i hovudsak om Bergen-Oslo, og er ein veg med ein annan funksjon. Strynefjellet er eit rassikringsprosjekt, og det er ingen konkurranse mellom desse to vegane.

Sogndalordføraren usamd

Statens vegvesen meiner Strynefjellet vil få mindre betydning den dagen ny stamveg til 19 milliardar kroner over Sogn og Hemsedal skulle stå klar. Dei viser til at det frå Stryn i framtida vil kunne bli 23 minuttar raskare til Sandvika i Bærum via Sogn, enn via Strynefjellet. Men Aasen og Flo meiner det blir feil å rekne ut frå Sandvika, og viser til at logistikkpunkta er nord om Oslo.

Jarle Aarvoll

USAMD: Jarle Aarvoll (Ap) er nestleiar i selskapet som jobbar for Hemsedallina.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll frå Ap, trur på si side at Sunnmøringar og Nordfjordingar vil reise via Sogn.

– Eg støttar meg til utrekningane til Vegvesenet, seier Aarvoll.

– Men i KVU-rapporten tek Vegvesenet utgangspunkt i Sandvika sør for Oslo?

Fodnes ferjekai

BRU: I planane for Hemsedalalternativet er ei bru mellom Mannheller og Fodnes-

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Det vil nok vere fleire alternativ å køyre alt ut frå kor ein skal. Men den raskaste vegen for delar av området når ein skal aust vest er Hemsedalsfjellet. For Nordvestlandet si vidare næringsutvikling vil det vere viktig at Hemsedal blir valt no etter Haukelifjell. Om Hardangervidda blir valt blir Nordvestlandet liggande i ei bakevje.

– Fryktar du at ei milliardopprusting av Strynefjellet vil øydelegge for Hemsedallina?

– Nei, det gjer eg ikkje, og det gjer heller ikkje Vegvesenet.

Ventar avklaring til våren

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) var tidleg ute som statsråd og lova avgjersle om Strynefjellet. Vegdirektoratet rår til ein 16 kilometer lang trefeltstunnel til 4 milliardar kroner.

Kommunane vil og ha vintersikker veg til Geiranger. Men lenge har det vore stille. I Stryn håpar Sven Flo på viktige avklaringar til våren.

– Det er vårt klare krav og ynskje, og det har vi tru på.

Oppgraderinger for 75 mill. kroner har gjort tunnelene over Strynefjellet trangere.

TRONGARE: Tunnelane over Strynefjellet har blitt oppgradert for 75 millionar kroner, men vegen er framleis farleg og rasutsett.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK