Hopp til innhold

Solfrid trudde ho kom til helvete om ho blei kjærast med ei jente

Skeivt kristent nettverk skal kartlegge såkalla «trygge» kyrkjer i Bergen. Solfrid og Linn Kristin håper det vil hjelpe andre som slit med tru og legning.

Løvfall-Breistein

FORELSKA: F.v. Solfrid og Linn Kristin Løvfall-Breistein fann kvarandre i ei konservativ forsamling.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Oh happy day, happy day

You washed my sin away

Eit lovsongsband øver på scena i ei konservativ forsamling i Bergen i 2013.

Solfrid er ein av songarane. Ho svingar mobilkameraet frå den eine til den andre, jublar og nynnar med. Så postar ho det på Facebook.

Åtte år seinare ser ho det same klippet på ny.

– Det er jo litt vondt, då, eigentleg. Det var veldig, veldig gode tider, som no kjennest veldig fjernt.

– Saknar du det?

– Ja, men eg har forsona meg med at slik kan det ikkje vere, slik livet mitt er blitt.

Øving i 2013

FILMA ØVING: Skjermdump frå videoen Solfrid Løvfall-Breistein (t.h.) posta på Facebook i 2013 frå ei øving med lovsongsbandet ho var med i.

Foto: Solfrid Løvfall-Breistein

Frykta å komme til helvete

Årsaka er at forsamlinga ho vaks opp i har ei konservativ bibeltolking og ser på det å leve ut ei homofil legning som synd.

Slik er det i dei fleste frikyrkjelege og lågkyrkjelege protestantiske trussamfunna i Noreg, og ikkje minst i den katolske kyrkja og i muslimske trussamfunn flest.

For Solfrid blei det derfor ei stor truskrise første gong ho forelska seg i ei jente.

– Eg trudde jo heilt oppriktig at om eg blei saman med og levde med ei jente ville eg komme til helvete, seier ho.

Heldt forholdet hemmeleg

Men då ho trefte Linn Kristin i forsamlinga, sa det pang for dei begge.

– Det var fyrverkeri, smiler Linn Kristin. Ho fnisar litt.

– For min del var det kjensla av å komme heim, samstundes som det var kjempeskummelt fordi vi visste kva veldig mange av dei vi er glade i og har rundt oss til dagleg synest om det, held ho fram.

Løvfall-Breistein

GODT GIFT: F.h. Linn Kristin Løvfall-Breistein vaks opp i ei anna forsamling i byen, men begynte som student i Solfrids forsamling. No er dei gift og kyrkjelause, men framleis kristne.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Dei vart saman i juni 2015, men heldt forholdet hemmeleg og fortalde det først til foreldra sine etter eit halvt år.

Våren 2017 fortalde dei det til forsamlinga dei var aktive i. For ikkje å skape noko bråk, trekte dei seg stille ut av dei sentrale verva dei hadde i musikkarbeidet.

Solfrid song og spelte piano og gitar. Linn Kristin skreiv songar som blei godt brukt, heldt konsertar og leia lovsong både lokalt og nasjonalt.

Linn Kristin syng på UL i 2015

SENTRAL I LOVSONGEN: Linn Kristin Løvfall-Breistein i fokus då ho song på eit nasjonalt ungdomstreff i regi av Norsk luthersk misjonssamband i 2015, få veker etter at ho vart hemmeleg kjærast med Solfrid.

Foto: Solfrid Løvfall-Breistein

– Vi forstod frå starten at det måtte vere slik, for slik er jo reglane. Men det gjer noko med deg, seier Solfrid.

Ho peikar på at ho framleis var den same personen som før.

– Å få lov til å bidra og gjere noko ein ser på som viktig og som gir deg mykje... Det er rart å plutseleg bli sett utanfor og ikkje bli rekna med. Det er veldig, veldig kjipt, seier Solfrid.

Skal kartlegge Bergenskyrkjene

Skeive som veks opp i slike forsamlingar har det ofte vanskeleg og kjenner på konflikt mellom tru og legning, ifølgje organisasjonen Skeivt kristent nettverk.

Derfor skal nettverket no kartlegge kva protestantiske kyrkjer i Bergen dei vil kalle «trygge» for LHBT-personar.

– Det betyr at skeive kan ha ei teneste i meinigheita utan at dei må gi slepp på den tenesta om dei får seg ein kjærast, seier Elisabeth Meling, transperson og leiar for nettverket.

Elisabeth Meling

VIL KARTLEGGE: Elisabeth Meling er leiar for Skeivt kristent nettverk som vil lage ei oversikt over «trygge kyrkjer» for LHBT-personar.

Foto: Silje Rognsvåg / NRk

Nettverket har 180 medlemar på landsbasis. 68 er tilknytt lokallaget i Osloområdet og 30 er med i lokallaget i Bergen.

På lista skal det stå kva kyrkjer som viser «høg toleranse». I tillegg vil nettverket tilby ein slags «beredskapsheim» for dei som kjenner seg støtt ut av kyrkjer.

Ønsker dialog og forståing

Meling vedgår at dei helst vil at forsamlingar skal snu i synet på homofili, men at dei først og fremst ønsker dialog og forståing for den menneskelege sida av saka.

– Og ikkje berre lukka døra for oss, men lytte til vår sida av saka.

– Konservative vil peike på at det er ganske tydelege bibelvers om homofili?

– Ja, om du berre les det og ikkje studerer det i lys av samtida og originalspråket. Det er mange som tek litt for lett på det, på begge sider, seier Meling.

Får kritikk frå misjonsorganisasjon

I fjor vekte det nasjonal debatt då nettverket kartla kyrkjer i Osloområdet. Kritikken gjekk på at dei skapte eit a- og b-lag av kyrkjer.

I år meiner Espen Ottosen, informasjonsleiar i Norsk luthersk misjonssamband, det er heilt greitt å lage ei oversikt over kyrkjer der skeive får mest fridom.

Men han er ikkje begeistra for bruken av omgrepet «trygge kyrkjer».

– Eg meiner jo også at vi som står for tradisjonelt syn på samliv, ekteskap og seksualitet ønsker å møte menneske på ein trygg og god måte, sjølv om vi ikkje endrar teologi, seier Ottosen.

Espen Ottosen

KRITISK: Espen Ottosen er informasjonsleiar i Norsk luthersk misjonssamband, som Løvfall-Breistein var tilknytt før dei trekte seg ut.

Foto: Privat

Trekte seg ut av forsamlinga

Linn Kristin og Solfrid er derimot glad for kartlegginga av kyrkjene og håper det kan hjelpe andre til å styre unna konservative kyrkjer.

– Kyrkjene må få meine akkurat det dei vil. Men poenget med «trygge kyrkjer» er å forhindre at dette skal skje for fleire og for skeive som oppsøker nye meinigheiter, seier Solfrid.

Då ho og Linn Kristin stod fram som par i eiga forsamling, fortel dei at mange kom for å uttrykke at dei framleis var glade i dei, men nokon hadde behov for å seie kvar dei stod i synet på homofili.

Det skal også pastoren deira ha gjort i ein samtale med paret. Etterpå trekte dei seg heilt ut av forsamlinga også.

– Det som gjorde det mest tydeleg for meg at her vil eg ikkje vere, var at han stilte spørsmål ved om vi i det heile var kristne. Trua vår betydde ingenting lenger, seier Linn Kristin.

Linn Kristin

TREKTE SEG UT: – Ikkje ta frå meg Jesus, seier Linn Kristin Løvfall-Breistein. Ho greier ikkje å legge frå seg trua.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Negativ sosial kontroll

I tillegg skal dei ha fått råd om ikkje å gå til nattverd. Linn Kristin gjorde det likevel.

– Det kjentest heilt rett inni meg.

Ho meiner det heile dreier seg om «ein form for negativ sosial kontroll, pakka inn i kristen nestekjærleik».

– Ein viktig dimensjon er at det handlar om liv og død, frelse eller evig pine i helvete. Kva det gjer med folk og deira evne til å ta frie val for seg sjølv og sitt liv, det må vi snakke meir om, seier Linn Kristin.

Pastor håper dei vil lære av saka

NRK har vore i kontakt med pastor Christian Lilleheim i Salem misjonskirke i Bergen, som hadde samtalen med paret.

Han skriv følgande i ein e-post:

«I Salem står vi for et klassisk syn på ekteskapet. Samtidig ønsker vi å møte mennesker med nestekjærlighet og barmhjertighet, og jeg håper vi vil lære av dette. Når det gjelder konkrete saker kan jeg ut fra min rolle som pastor ikke si noe om de samtalene vi har hatt.»

Han legg til at dei «av og til trår feil», og at Skeivt kristent nettverk er velkommen til å ta direkte kontakt med forsamlinga.

Lilleheim viser elles til moderorganisasjonen Norsk luthersk misjonssamband, der informasjonsleiar Espen Ottosen understrekar at dei ikkje har tenkt å snu i synet på å leve ut legninga si.

– Vi meiner Bibelen talar klart i desse spørsmåla og då er det vår oppgåve som ein kristen meinigheit å fasthalde det Bibelen seier. Det er det som gir oss eksistensrett, seier Ottosen.

Oslo Pride Parade 2019

PRESS FRÅ SAMFUNNET: Pridetog er blitt ei årleg markering i norske gater. Konservative meiner det er feil å bli saman med nokon av same kjønn.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Press frå storsamfunnet

Han seier det er eit stort press frå samfunnet om å endre syn.

– Det er veldig krevjande. Omgrepet diskriminering blir ofte brukt. Det opplever vi er feilaktig. Vi forventar at dei som høyrer til i våre samanhengar faktisk deler vårt verdigrunnlag, seier Ottosen.

– Korleis kan de møte folk på ein trygg og god måte sjølv om de ikkje endrar teologi?

– Ved å halde fast på eit tradisjonelt, kristent menneskesyn der alle menneske er like mykje verd, heilt uavhengig av seksuell orientering, hudfarge og alt. Så blir vi alle utfordra til å leve etter Guds vilje slik vi ser den i Bibelen, seier informasjonsleiaren.

Redd for å skuffe Gud

Oh happy day, happy day

I'll never be the same

Forever I am changed

I fjor haust gifta Solfrid og Linn Kristin seg og deler no etternamnet Løvfall-Breistein. Dei saknar ei kyrkje å gå i.

Løvfall-Breistein

TROSSA KYRKJA: Helvetesangsten er stort sett vekke, men sit litt i, seier f.v. Solfrid og Linn Kristin Løvfall-Breistein.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Er de framleis redde for helvete?

Lang pause.

– Nei, eg er ikkje redd for helvete. Men eg kan vere redd for å skuffe Gud. Av og til er det ein snikande del av meg som tenker «tenk om dei har rett». Men 99,9 prosent av tida veit eg at dei ikkje har det, seier Linn Kristin.

Eg er ikkje så redd for det lenger, men det sit i, seier Solfrid.