Jarle Kirketeig kan etter det NRK kjenner til innkassere ein god slump pengar i samband med forliket han inngjekk med Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane.
Avtalen mellom partane vart signert i midten av mars og innebar at både leiar Magne Ulvatn og organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig sluttar i avdelinga.
- LES OGSÅ:
Tidlegare er Kirketeig tildelt 175.000 kroner i oppreisingserstatning, og no får han altså ytterlegare om lag ein million kroner.
Ikkje rettskraftig dom
Saka har rulla i snart to år etter at Kirketeig stod fram og fortalte om det han opplevde som mobbing og trakassering frå Ulvatn. Fleire personar tilknytt avdelinga stod fram og fortalte om det same.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Organisasjonsarbeidaren fekk sparken, men vann i Fjordane tingrett fram med søksmål mot Fellesforbundet avdeling 19 for ugyldig oppseiing. Av domen går det også fram at Kirketeig vart mobba og trakassert av Ulvatn.
Etter forliket er det endeleg klart at avdelinga trekkjer den varsla anken. Domen er i dag ikkje rettskraftig, dette som ein del av forliket mellom partane.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kosta forbundet to millionar kroner
Med den siste utbetalinga har Fellesforbundet avdeling 19 i fylket no brukt om lag to millionar kroner på den såkalla Kirketeig-saka.
I tillegg til sjølve erstatninga på ein million kroner, er resten hovudsakleg advokatutgifter og sakskostnader. Mesteparten av eigenkapitalen i avdelinga skal vere oppbrukt.
Verken Jarle Kirketeig sjølv eller den nyvalde leiaren i avdeling 19, Kjell Olav Slotterøy, ønskjer å kommentere saka overfor NRK.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: