Hopp til innhold

Framleis usemje i Fellesforbundet

Fleire dagar etter at fristen har gått ut, har partane i den bitre striden i Fellesforbundet avdeling 19 i fylket ikkje greidd å kome til semje.

Årsmøte i Fellesforbundet bak lukka dører

LEIARVAL PÅ ÅRSMØTET: Fellesforbundet må velje mellom Ulvatn og motkandidat.

Foto: Inge Kjell Holme

I ein dom frå tingretten blir det mellom anna slege fast at den valde leiaren i avdeling 19 har trakassert ein tilsett.

Klubben ved Brødrene Aa i Hyen vil skifte ut sitjande leiar, og har ein kandidat til årsmøtet 16. mars, fortel klubbleiar Oddbjørn Vee.

– Vi har eit konkret namn på blokka, ein som stiller seg til disposisjon i ein valsituasjon på årsmøtet.

Magne Ulvatn

FÅR MOTKANDIDAT: Magne Ulvatn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Trakassering

I dommen frå tingretten går det fram at Jarle Kirketeig, organisasjonsarbeidar i avdeling 19, har vore utsett for omfattande trakassering av leiaren sin, Magne Ulvatn.

Styret i avdeling 19 har på si side at anka dommen. Men på eit ekstraordinært representantskapsmøte, etter press frå Fellesforbundet sentralt, vart det vedteke å starte opp att med forhandlingar mellom partane. Kirketeig fortel at saka er svært belastande, og han håper på ei rask avgjerd.

– Eg har hatt ein del håp som ikkje har halde til no, men no får eg verkeleg tru at det løyser seg.

Jarle Kirketeig

HÅPAR PÅ LØYSING: Jarle Kirketeig.

Foto: Oddleif Løset / NRK

På overtid

Men fristen for å kome til semje gjekk ut den 28. februar. Nestleiar i Fellesforbundet sentralt Anders Skattkjær, som leier forhandlingane, stadfestar at partane no forhandlar på overtid, og at han sjølv har bestemt seg for å dra til Førde i eit siste forsøk for å prøve få partane til semje.

Fellesforbundet sentralt ønskjer for ein kvar pris å unngå nye rundar med "skittentøyvask" i retten. I tillegg til at Magne Ulvatn må skiftast ut som leiar, krev klubben ved Brødrene Aa at anken blir trekt, seier Vee.

– Vi har sendt eit framlegg til årsmøtet om å ta ei avrøysting om å trekkje anken.

Han er oppgitt over den langvarige striden i Fellesforbundet avdeling 19 i fylket.

– Dette er ille, også i den forstand at vi skaper mistillit til avdelinga. Det blir feil fokus heile vegen.