Hopp til innhold

Far dømd til ni år i fengsel for mishandling av 7-åring i Bergen

Retten meiner at han var tilrekneleg, og at det ikkje er naudsynt med forvaring. Ni år fengsel og kontaktforbod på ubestemt tid er dommen.

Hordaland tingrett dag 2

Saka gjekk for Hordaland tingrett i februar, med Johan Eggen som dommar.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ein sju år gamal gut vart sommaren 2022 funne alvorleg skadd i ei seng i ein leilegheit i Bergen.

Saka førte til at barnevernet i Bergen fekk omfattande kritikk frå statsforvaltaren. Byrådet gjekk av etter saka.

No er gutens far dømd til ni års fengsel. I tillegg får han kontaktforbod overfor sonen, og må betale 300.000 i oppreisingserstatning til han.

– Som bistandsadvokat for barnet så er det heilt sentralt at vi har fått medhald i at guten aldri skal bli kontakta av valdsutøvaren og at han har fått ei betydeleg oppreisningserstatning, seier bistandsadvokat May Britt Løvik, og legg til:

– Elles vurderer eg at dommen er veldig grundig og at retten veldig treffande skriv at mishandlinga for fornærma må ha vore eit grufullt vedvarande regime som må ha føltest som ein evigheit.

advokat May Britt Løvik

Bistandsadvokat May Britt Løvik.

Foto: NRK

Dei som tek vare på barnet er kjende med dommen. Løvik håpar at saka har fått si avslutning no.

– Eg synest dommen er grundig, vel grunna og tydeleg på alvoret i saka. Eg er sånn sett nøgd. Forvaringsspørsmålet var ikkje openbar, og også det spørsmålet er grundig vurdert. En eventuell anke er det for tidleg å si noko om, seier aktor i saka, statsadvokat Asbjørn Onarheim.

Kravde forvaring

I rettssaka meinte forsvarar Ahmad Taha at mannen er utilrekneleg og ikkje kan bli straffa, og bad om at klienten vart overført til tvungent psykisk helsevern.

Forsvararen fortel til NRK at han og klienten skal gå over dommen sammen, og ta stilling til den seinare.

Aktor kravde derimot ti års forvaring, med minstetid på sju år.

– Eit forsøk på å unngå straff er ein naturleg reaksjon når valdsbruken er så hinsides og sadistisk, sa aktor Onarheim i retten.

Forsvarar Ahmad Taha

Forsvarar Ahmad Taha.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Retten har funne at det ikkje er naudsynt med forvaring. Domstolen skriv også:

«Retten konkluderer at tiltalte ikke hadde noen sterkt avvikende sinnstilstand under gjerningsperioden fra 16. juli 2022 til 7. august 2022. Tiltalte er dermed strafferettslig ansvarlig for de handlinger som retten utover rimelig tvil har funnet bevist at han har utført»

Les også 7-åring ble mishandlet i Bergen: Aktor krever 10 års forvaring for faren

tingrett bergen

Dokumenterte sjølv den skadde guten

Gjennom rettssaka svara mannen ikkje på spørsmål. Han sat med bind for auga og øyrepluggar for å stenge lyd og lys ute.

Bistandsadvokat for guten, May Britt Løvik, har omtala saka som «ubeskriveleg vond». Ho opplyser at guten etter forholda har det bra i dag, og at han blir tatt hand om av barnevernet.

Asbjørn Onarheim

Aktor Asbjørn Onarheim.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Guten kom til Noreg på familiegjenforeining til faren i slutten av juni 2022. Dei to kjente ikkje kvarandre, og mor hadde overlate omsorga for guten til familien til mannen i heimlandet.

Far og son snakka ikkje same språk. Mannen dokumenterte sjølv sin aukande frustrasjon med sonen i notater på mobiltelefonen sin.

Han tok også ei rekke bilete som blei vist fram i retten, som ifølgje politiet viser ein aukande grad av grovleik fram mot dagen guten vart funne.

Pressa fekk forbod frå å referere frå bilda som viser skadane.

Hordaland tingrett

Frå venstre bistandsadvokat May Britt Løvik og aktør Asbjørn Onarheim.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Saka som velta byrådet

Mannen tok tidleg kontakt med både Nav og barnevernet i Bergen for å få hjelp, men fekk ikkje så mykje oppfølging.

Oppfølginga hadde alvorlege manglar, slo statsforvaltaren fast hausten 2022. Saka førte til at både barnevernsdirektøren og byrådet i Bergen gjekk av.

Les også Viste grove foto av mishandling: – Dette er bilde eg aldri kjem til å gløyma.

advokat May Britt Løvik

I starten av august 2022 fekk politiet tips av ein kjenning av mannen. Dei tok seg inn i leilegheita hans og fann guten alvorleg skadd.

Politiet skar over tau som festa føtene til senga og guten vart frakta til Haukeland universitetssjukehus. Skadane etter mishandlinga hadde vore livstruande om han ikkje hadde fått hjelp.

– No er eg mest opptatt av at vi skal vareta denne guten vidare og følgje han opp på best mogleg måte. Vi må lære av denne saka slik at det ikkje skal skje igjen, sier byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfold i Bergen kommune, Charlotte Spurkeland.

Les også Bergen etterlyser nasjonale tiltak etter at sjuåring vart mishandla

Hordaland tingrett