Hopp til innhold

Får byggje tyrkisk moske i Førde

Førde kommune har gitt klarsignal til å byggje ein moske i tradisjonell tyrkisk stil.

Moské i Førde

MOSKE: Det er her på Hafstad i Førde at det er planar om at den første moskeen i Sogn og Fjordane skal byggjast opp.

Foto: Førde Kommune

Lenge har Sogn og Fjordane vore det einaste fylket i landet utan moske. Og i fleire år har muslimane i byen kjempa for å få byggje seg sitt eige gudshus.

No kan det sjå ut som at planane er endå eit steg nærare realisering. Førde Islamske senter har alt fått klarsignal for å byggje ein moske på Hafstad i Førde, og no er ein i dialog om korleis denne kan utformast, skriv avisa Firda.

Kommunen godtek at moskeen kan vere basert på teikningar utforma i Tyrkia.

Sidan moskeen vil kome til å ha ei spesiell utforming sett i høve tradisjonelle norske byggjestilar, vil Førde kommune samtidig at saka vert handsama av planutvalet, skriv Firda.

Muslimane i Førde har tidlegare opplevd at folk har demonstrert og protestert høglydt mot planane om ein moske. No håpar dei at dei saman med kommunen kan kome fram til planar for ein moske som viser openheit i Førde kommune og blant Førde-folk, skriv avisa.