Hopp til innhold

Sp-framlegg kan utsette moské

Eit nytt framlegg frå Senterpartiet, kan utsette planane for moské i Førde.

(Illustrasjonsfoto)

Illustrasjon

Foto: Martin Kierstein

Kommunen har lagt ut reguleringsplan for Hafstad bydel, der både islamsk senter og eit katolsk senter skal få tomt.

- Tålmodet er slutt

Planen skulle vedtakast i planutvalet i oktober, men i staden kom Senterpartiet med nytt framlegg i saka. Går politikarane for dette alternativet, må heile reguleringsplanen ut på ny høyringsrunde. I verste fall må islamsk senter i Førde vente til neste sommar før dei får klarsignal frå politikarane. No er tålmodet slutt.

- Sjølvsagt. Det har det vore for lenge sidan. Det veit dei også sjølve. Ventetida blir forferdeleg, seier Asiyah Zarghoon, som talar på vegne av far sin, Ibrahim Zarghoon, som er leiar i Førde islamske senter.

- Må få fortgang

Sogn og Fjordane er einaste fylke i landet utan moske, og muslimar har venta i sju år på å få bygge sitt eige forsamlingslokale. No vonar dei at politikarane ikkje gjer ventetida endå lenger. Jorunn Eide Kirketeig (Ap) ynskjer heller ikkje noko utsetting.

- For begge trusamfunn og idrettsparken som skal inn, er det viktig at vi får fortgang i dette slik at dei slepp unødvendig venting, seier ho.