Hopp til innhold

Skal byggje moské i Førde

– Dette er bra for tilflyttinga til fylket, seier Bjørn Harald Haugsvær (Krf).

Moské i Førde
Foto: Førde Kommune

Muslimane i Sogn og Fjordane har gitt beskjed til kommunen om at dei vil byggje ein moské på Hafstad i Førde. Det kjem fram i eit brev frå Førde Islamsk Senter til kommunen.

– Glad på muslimane sine vegne

Sogn og Fjordane har lenge vore det einaste fylket i landet utan moské. Etter ni års kamp og mykje lokal motstand, er muslimane no nærmare enn nokon gong å få sitt eige gudshus i fylket.

– Eg er glad på muslimane sine vegne. Endeleg får dei ein treffstad der dei kan tilbe sin gud, seier Krf-politikar i Førde, Bjørn Harald Haugsvær.

Auka tilflytting

Ein moskè på Hafstad trur Haugsvær vil ha stor innverknad på tilflyttinga til fylket.

– Skal me få opp folketalet i Sogn og Fjordane, så må også tilflyttinga auke. No vil muslimar som ynskjer å busetje seg her få eit fullgodt tilbod. Uansett om dei bur på Eid, i Førde eller i Sogndal, så har dei ein plass i nærområdet der dei kan få praktisere trua si.

Ber om hjelp

I reguleringsplanen for Hafstad Bydel vedteke av bystyret i mars i fjor, står det at det i området skal «..setjast opp bygg for allmennyttig formål som trussamfunn med parkeringsanlegg og tilhøyrande anlegg».

I brevet ber leiaren av det islamske senteret Fylkesmannen om rettleiing med bygginga av moskéen.

Gudshuset til muslimane i fylket vil få namnet "Ibrahim Khalil".

Tidlegare i dag melde NRK Sogn og Fjordane at muslimane hadde fått ja til å byggje moské. Det er ikkje rett. Det er ennå ikkje sendt inn byggjesøknad, men kommunen har stilt seg positive til å hjelpe dei i prosessen med å søkje.