Hopp til innhold

Mislikar moskedebatten

Ordførar i Førde, Nils Gjerland, seier han likar svært dårleg debatten som har oppstått i moskesaka.

Ordførar i Førde, Nils Gjerland
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kommunen har fått stekt kritikk frå fleire hald etter at planutvalet på nytt sa nei til å regulere eit område til andre trussamfunn.

I ein kommentar i avisa Firda skriv journalist Katrine Sele at politikarane lar framandfiendtlege haldningar styre saksgangen.

Høyr Journalist Katrine Sele og ordførar Nils Gjerland i debatt om moske

- God dialog

Gjerland avviser kritikken. Han seier dei har hatt fleire møte med dei muslimske representantane, og at dei har ein god dialog.

- Vi har prøvd å hjelpe dei, men er ikkje i mål enda. Men vi jobbar med dette, seier ordføraren.

- Men vi må vere så oppriktige at vi må setje desse interessene opp mot våre eigne interesser. Vi må gjere eit val mellom barnehagetomt, idrettsbane, moske og plass til skule. Vi må våge å gjere desse vala heilt likeverdig, seier Gjerland.