Hopp til innhold

Får 20 millionar mindre til næringsutvikling

Den blåblå regjeringa legg opp til kraftige nedskjeringar i midlane til næringsutviklinga i Sogn og Fjordane. – Dramatisk, meiner Ap-leiar.

Nils P. Støyva

KRITISK: Nils P. Støyva som er fylkesleiar i Arbeidarpartiet, meiner det er dramatisk for fylket at det blir mindre pengar til næringsutvikling.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I den raudgrøne regjeringa sitt framlegg til budsjett for neste år var det føreslått 106 millionar kroner til næringsutvikling i fylket.

Men dei borgarlege regjeringa vil kutte i desse midlane, om lag 20 millionar kroner. Kutta kjem til fordel for skattelette og vegbygging.

Medan Ap-leiar Nils P. Støyva er kritisk, gjer fylkesleiaren i Høgre kutta med godt samvit. Arve Mjømen seier han mykje heller vil bruke desse 20 millionane på veg.

– Eg ser ikkje at det er noko feil å gjere ei endring som dette, seier Mjømen til NRK.no.

– Vi får betydeleg meir til veg

Den raudgrøne regjeringa har dei siste åra hatt ein eigen pott i budsjettet – til distriktsutvikling. I sitt forslag til statsbudsjett for 2014 la dei opp til 106 millionar kroner til næringsutvikling i Sogn og Fjordane, ein auke på 10 millionar.

Men dette er skrumpa inn i tilleggsproposisjonen til den nye borgarlege regjeringa. Dei legg opp til å kutte om lag 20 millionar kroner, slik at dei samla løyvingane til næringsutvikling blir på om lag 86 millionar kroner.

Arve Mjømen i Høgre seier hans regjering brukar 20 millionar kroner meir på fylkesvegar i Sogn og Fjordane, og meiner at dei reduserte overføringane til næringsutvikling er til å leve med.

– Vi får betydeleg meir vegpengar enn det som låg inne i budsjettet til dei raudgrøne, og har då dreia det frå regional utvikling til meir veg, seier Mjømen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Mjømen

MEIR TIL VEG: Fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre meiner det må vere greitt å bruke meir pengar til veg, og mindre på næringsutvikling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Verktøykassa vår blir redusert

Etter at dei raudgrøne føreslo å auke løyvingane til regional utvikling i kommunar og bedrifter, jubla både Halvor Flatland i Innovasjon Norge, og fylkesdirektøren for nærings i Sogn og Fjordane. Men dei gav uttrykk for at dei frykta at den borgarlege regjeringa kunne gjere endringar.

Jan Heggheim som er fylkesdirektør for næring, seier 20 millionar kroner mindre vil gå hardt utover næringsutviklinga i Sogn og Fjordane.

– Vårt budsjett kan delast i tre delar, det eine er reine bedriftsretta saker gjennom Innovasjon Norge, ein stor pott går til kommunane i form av næringsfond og omstillingsmidlar, medan den siste tredjedelen blir brukt til utviklingstiltak som mange i fylket kjenner igjen som ting dei søkjer pengar til, seier Heggheim.

– Verktøykassa vår blir no redusert, og eg er først og fremst uroa for dei dette vil gå utover, seier han.

– Desse midlane har vore viktige

Også Halvor Flatland i Innovasjon Norge er skuffa over at Sogn og Fjordane får mindre pengar til næringsutvikling med dei blåblå sitt forslag. I fjor forvalta dei vel 40 millionar av midlane fylket fekk til næringsutvikling.

– Dette er pengar som blir brukte for å starte nye bedrifter, og til omstilling av bedrifter, seier han.

– Vi ser mange eksempel på bedrifter der desse midlane har vore viktige for oppbygging av nye bedrifter, seier han og nemner mellom anna grundermiljøet på Mjømna med bedrifter som Ask Adam og Beat som nokre av desse.

(Artikkelen held fram under)

Heggheim/Flatland

SKUFFA: Både Jan Heggheim og Halvor Flatland er skuffa over at den borgarlege regjeringa vil kutte i midlane som skal brukast på regional næringsutvikling.

Foto: Arne Stubhaug/privat / NRK

Fryktar kutta kan bli endå større

At fylket no får 20 millionar kroner meir til vegbygging er vel så bra, seier Flatland, men:

– Skattelette er ikkje eit så aktuelt verkemiddel for bedrifter som er i ein tidleg fase og ikkje tenar pengar, og det er det vi brukar hovuddelen av pengane våre på, seier han.

Han seier den endelege fordelinga av midlane til regional næringsutvikling ikkje er bestemt. I verste fall fryktar han at det kan bli eit kutt som er større enn 20 millionar kroner.

– Om endringa går i retning av at sentrale strok får meir, så kan det få ytterlegare konsekvensar for Sogn og Fjordane, seier Flatland.

Ap-leiar: – Dramatisk for fylket

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, meiner den borgarlege regjeringa med kutta viser «sitt sanne jeg».

- Denne regjeringa gir ei skattelette på 4,7 milliardar kroner, og det er dei som tener mest som får den største skatteletta. Eg synest det er ein usosial profil.

– Og det er klart at når ein skal gje så mykje skattelette må ein ta det inn att ein plass, og det er til dømes gjort i forhold til regionale utviklingsmidlar, seier Støyva.

Mjømen på si side held fast at han vil prioritere vegar. Støyva på si side meiner 20 millionar kroner mindre er dramatisk.

– Eit kutt på 20 millionar kroner i forhold til utviklingsmidlar til Sogn og Fjordane er dramatisk. Vi må nok kutte både i omstillingsmidlar til kommunane, i tilskot til Innovasjon Norge, og andre utviklingstiltak.

– Dette er ein varsla politikk, men eg er imot den, seier Støyva.

– Betre å bruke pengane slik

Frank Willy Djuvik

BETRE: Frank Willy Djuvik i Frp forsvarar kutt i midlane til næringsutvikling til fordel for skattelette og vegbygging.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, slår hardt tilbake mot kritikken frå Ap-leiaren.

– Kanskje Nils P. Støyva bør setje seg ned og lese tilleggsproposisjonen før han uttalar seg slik. Vi er tydelege på at vi aukar opp midlane til fylkesvegane, nettopp ved å redusere dei regionale utviklingsmidlane. Dette er noko vi sa i valkampen, og som vi no gjennomfører, seier han.

– Men er det betre å bruke pengane på skattelette enn regional utvikling?

– Det er vesentlege mykje betre å gje vekststimulerande skattelette til næringslivet og mykje meir pengar til veg, enn å bruke det til regionale utviklingsmidlar som i stor grad blir styre av dei enkelte politiske partia, seier Djuvik.