Hopp til innhold

Er føreslege 106 mill. til distriktsutvikling - set si lit til at den blå regjeringa ikkje kuttar

Både fylkeskommunen og Innovasjon Norge set sin lit til at den nye regjeringa ikkje rokkar ved løyvingane til distriktsutvikling.

Heggheim/Flatland

KRYSSAR FINGRAR: Både fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, og Halvor Flatland i Innovasjon Norge, håpar den blå regjeringa held fast på løyvingane til distriktsutvikling.

Foto: Arne Stubhaug/privat / NRK

I forslag til statsbudsjett fekk Sogn og Fjordane 106 millionar kroner til regional utvikling, i kommunar og bedrifter.

– I mine auge er dette kanskje dei viktigaste midlane som vi har til næringsutvikling i Sogn og Fjordane, seier Halvor Flatland i Innovasjon Norge.

Og han får medhald av fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

– Vi ville hatt store problem med å ha noko aktivitet utan dei pengane som er føreslegne i statsbudsjettet, seier Heggheim.

Går til bedrifter som omstiller seg

Den raudgrøne regjeringa har dei siste åra hatt ein eigen pott i budsjettet – til distriktsutvikling. Neste år føreslår dei 106 millionar kroner til Sogn og Fjordane. Ein auke på 10 millionar.

– Vår del av desse midlane går til bedrifter i Sogn og Fjordane som omstiller seg og kjem med nye produkt, seier Flatland.

Innovasjon Norge forvaltar om lag 40 av millionane. Moods of Norway og Lefdal Gruve er mellom bedriftene som har fått midlar tidlegare.

Tildelinga inkluderer midlar til kommunale og regionale næringsfond. Inkludert er også ei skjønstildeling til fylke med regionar og lokalsamfunn med store omstillingsutfordringar, samt midlar for deltaking i Småkommuneprogrammet.

Av løyvinga til Sogn og Fjordane er 18,64 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.

Kan få store konsekvensar

Men Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring minner med skepsis om at pengane ikkje er sikra før den nye, blå regjeringa har sagt sitt.

– Viss ein skal tenkje seg at alt dette vert teke vekk, noko som har vore føreslege, og omsnakka i valkampen, så vil nok ganske mange merke det ganske fort. Kanskje spesielt i kommunane, fordi dei kommunale næringsfonda ikkje ville få påfyll, seier Heggheim.

Også Flatland ventar med å juble til pengane står på konto.

– Viss eg var bedriftsleiar ville eg vore uroleg dersom ein tek vekk dei distriktspolitiske verkemidla i Sogn og Fjordane, og eg trur det er mange som er bedriftsleiarar som vil reagere på det, seier Flatland.

Ti millionar kroner av løyvinga til Sogn og Fjordane er sette av til å møte omstillingsutfordringar.