Hopp til innhold

Så mykje pengar får kommunane

Balestrand kommune er budsjettaparen, medan Gaular kommune er «vinnaren».

Balestrand kommune (skilt)

TAPAR: Balestrand er den kommunen i Sogn og Fjordane som får minst vekst i overføringane i forslaget til statsbudsjett for neste år.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Det er store skilnader i overføringane til kommunane i forslaget til statsbudsjett for neste år.

I Sogn og Fjordane toppar Gaular kommune med ei auke i overføringane på 8,8 prosent, medan Balestrand ligg i andre enden med ein auke på berre 2,7 prosent (sjå fullstendig oversikt nedst i saka)

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete seier endringar i befolkninga gir mykje av grunnlaget for overføringane.

– Dei eldste eldre gir ofte store utslag i dei mindre kommunane. Det er store variasjonar, men snittet er ein vekst på 4,3 prosent, seier Navarsete til NRK.no.

– Veksten vi legg inn skal dekke endringar i folkesetnaden, at vi bli fleire, kor mange eldre eller yngre, og at dei skal ha tenester i kommunane, seier ministeren.

– Dette er alvorleg

Velaug Veum og Arnstein Menes

ALVORLEG: Det seier Arnstein Menes, varaordførar i Balestrand, om løyvingane til kommunen i forslaget til statsbudsjett.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Varaordførar Arnstein Menes (Sp) i Balestrand seier det vil merkast at kommunen berre får ein auke på 2,7 prosent i overføringane, noko som vil seie at dei berre får vel 2,3 millionar kroner meir å rutte med enn dei hadde i fjor.

– Dette er litt alvorleg for ein kommune som Balestrand. Vi har eit stramt budsjett frå før av, og no kan det tyde på at det blir endå strammare, seier Menes til NRK.no kort tid etter at forslaget til budsjett er lagt fram.

Han seier kommunen har vore klar over at dei ville komme dårleg ut, og seier nedgang i folketalet og fleire eldre enn yngre er forklaringa.

– Vi har over tid hatt ein nedgang i folketalet, sjølv om dette har vore relativt stabilt siste året. Vi har også ei litt skeiv alderssamansetnad der vi har relativt mange eldre i forhold til yngre, seier varaordføraren.

– Må gjere kommunen meir attraktiv

Kva konsekvensar budsjettet vil få i form av eventuelle kutt i tenestetilbodet til innbyggjarane er for tidleg å seie. Men Menes legg ikkje skjul på at det er alvorleg at dei ikkje greier halde tritt med løns- og prisveksten.

Varaordføraren seier formannskapet vil samlast denne veka og at budsjettet blir tema der.

– Det store området for Balestrand er helsebudsjettet. Pleie og omsorg utgjer 50 prosent av budsjettet vårt og det vil komme kutt der om dette skal gå rundt, seier han.

Han meiner kommunen må prioritere å bruke pengar på å få opp folketalet i kommunen.

– Vi er klar over fordelinga i forhold til alder, og vi er klar over at med den modellen som ligg føre for løyvingane så betyr det utfordringar for oss. Vi har berre ein ting å gjere og det er å auke folketalet i kommunen, seier han.

– Vi må først få drifta dei tilboda som er lovpålagde, men vi er faktisk nøydde til å tenkje på utvikling av kommunen. Sjølv om det vil krevje kutt på nokre område, så må vi tore satse på tiltak som kan gjere kommunen vår attraktiv.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mathias Råheim

SER LYSARE PÅ BUDSJETTHAUSTEN: Gaular-ordførar Mathias Råheim seier auken i løyvingane gir grunn til å sjå lysare på arbeidet med budsjettet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Fantastisk kjekt

På kommunehuset på Sande er det derimot ei heilt anna stemning. Gaular er kommunen i Sogn og Fjordane som kjem best ut, med ein auke i overføringane på 8.8 prosent. Dei får over 13 millionar kroner meir å rutte med i 2014 enn i 2013.

– Det var fantastisk kjekt at vi fekk så mykje auke. Det er veldig bra, og det er eit stort behov for pengane, seier ordførar Mathias Råheim (H).

Han seier kommunen har eit stramt budsjett, og har måtte kutte mykje tidlegare.

Ser lysare på arbeidet med budsjettet

Med dagens løyvingar gjennom forslaget til statsbudsjett ser han langt lysare på arbeidet med budsjettet utover hausten.

– Vi har fått ein del ekstrautgifter i fjor og i år. Det er til dels store utgifter knytt til spesialtiltak både innan skule og omsorg, og vi har også hatt ein auke i utgiftene til barnehage.

– Vi har sett litt mørkt på korleis vi skulle få budsjettet til å gå i hop, men dette vil hjelpe mykje på at vi skal greie halde oppe det gode tilbodet vi meiner vi gir til innbyggjarane, seier Råheim.

Han har ikkje fått gått i djupna enno, men seier folketalsauken er hovudforklaringa til at kommunen hans kjem så godt ut.

Dette får kommunane (tal i 1000 kroner)

Kommune

Frie inntekter 2014

Auke frå budsjettet i fjor

 

 

I kroner (tal i 1000 kroner)

Prosent

1401 Flora

608,316

22,735

3.9

1411 Gulen

153,674

6,599

4.5

1412 Solund

62,857

1,837

3

1413 Hyllestad

94,336

3,003

3.3

1416 Høyanger

242,063

10,076

4.3

1417 Vik

161,143

5,389

3.5

1418 Balestrand

89,874

2,361

2.7

1419 Leikanger

122,208

5,176

4.4

1420 Sogndal

356,565

14,934

4.4

1421 Aurland

106,633

3,405

3.3

1422 Lærdal

130,041

4,546

3.6

1424 Årdal

282,478

10,419

3.8

1426 Luster

287,847

13,397

4.9

1428 Askvoll

181,433

9,532

5.5

1429 Fjaler

177,600

8,738

5.2

1430 Gaular

172,630

13,954

8.8

1431 Jølster

178,587

5,905

3.4

1432 Førde

617,446

27,479

4.7

1433 Naustdal

158,456

7,963

5.3

1438 Bremanger

245,820

10,344

4.4

1439 Vågsøy

323,738

11,578

3.7

1441 Selje

162,340

6,203

4

1443 Eid

302,457

12,175

4.2

1444 Hornindal

80,549

2,438

3.1

1445 Gloppen

324,082

13,533

4.4

1449 Stryn

380,075

17,330

4.8

Ekspander/minimer faktaboks