Hopp til innhold

Fant ikkje fast fjell til vindkraftanlegg – her er teikningane dei burde sett

Vindkraftutbyggaren vart overraska då dei ikkje fant fast fjell, og vil i staden lage betongfundament. No hamnar saka hos Olje- og energidepartementet.

TIL JORD SKAL DU KOMME: Utbyggaren vart overraska over at dei ikkje fant fjell. Men offentlege kart og rapportar viser at jorda på Stadfjellet kan vere 20–30 meter tjukt.

TIL JORD SKAL DU KOMME: Utbyggaren vart overraska over at dei ikkje fant fjell. Men denne NGU-rapporten frå 2012 viser at jorda på Stadfjellet kan vere 20–30 meter djup.

Foto: NGU

Tysdag fortalde NRK om Falck Renewables Vind som skulle byggje på fast fjell, men berre fant lausmassar då dei byrja å grave.

No er gode råd dyre, og utbyggaren har i staden spurt om dei kan lage kunstige betongfundament.

Det sa NVE fyrst ja til, men onsdag melde Olje- og energidepartementet at godkjenninga er påklaga og at dei vil overta saka.

– Departementet vurderer begge klagene, både om saksbehandling og materielt innhald, seier Margrete Løbben Hanssen hos departementet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er eit direktorat underlagt Olje- og energidepartementet. Det er dei som handsamar konsesjonssøknadar.

Kart syner tjukk morene

I mellomtida haglar kritikken mot både NVE og utbyggaren.

– Det skulle ikkje mykje research til for å forstå at sjansen var stor for tjukke lausmassar på Stad, seier Anders Romundset i Noregs geologiske undersøking (NGU).

Kart frå NGU syner at det er store område med morene og torvmyr på toppen av det aktuelle fjellpartiet.

Vidare laga NGU ein offentleg tilgjengeleg rapport om djupforvitring i Noreg attende i 2012.

Den viser at det kan vere opp mot 20–30 meter ned til «fast fjell».

Både kartet og rapporten ligg ope tilgjengeleg på nett, berre nokre tastetrykk unna.

– Store forvitringsdjup er kjent frå fleire fjellparti på Vestlandet, seier Bjørn Nilsen, som er professor i ingeniørgeologi ved NTNU.

Djupforvitring er fenomenet der forvitringa av bergartane har gått så djupt at isbreane så å seie berre har skrapa i overflata.

Utbyggaren vart overraska over at dei ikkje fant fjell. Men offentlege kart viser at jorda på Stadfjellet kan vere 20–30 meter tjukt.

GRØNE GLITRANDE: NGU laga ein offentleg tilgjengeleg rapport om djupforvitring i Noreg i 2012. Den viser at forvitringsmaterialet på Stadfjellet kan vera opp mot 20–30 meter tjukt

Foto: Norges geologiske undersøkelse (NGU)

Rysta over kunnskapsmangelen

Jostein Bakke er professor ved Institutt for geovitenskap i Bergen. Han seier til NRK at han er «skaka over kunnskapsmangelen», og at det er «oppsiktsvekkjande» at NVE og utbyggar ikkje har vore betre informerte.

– Dette er offentleg tilgjengelege rapportar som sjølvsagt burde vore lest, seier han.

Professor i strukturgeologi, Atle Rotevatn, skuldar både NVE og utbyggaren for «slett arbeid».

– At det ikkje ringde bjøller rundt lovnaden om «bruk av strekkstag direkte til fjell» i eit område med kjente tykke lausmassar, tyder at kvalitetskontrollen enten ikkje har skjedd i det heile tatt, eller har vore for dårleg.

Vindkraftutbygging på Stad

SKAKA: Jostein Bakke ved Institutt for geovitenskap er «skaka over kunnskapsmangelen», og seier det er «oppsiktsvekkjande» at NVE og utbyggar ikkje har vore betre informerte om forholda på Stadfjellet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Spørsmålet er ikkje relevant

Onsdag sende stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) skriftleg spørsmål til Olje- og energiminister Tina Bru (H) om handsaminga av klagen.

«Vil det bli eit vilkår at gravitasjonsfundamenta fjernast fullstendig når konsesjonsperioden går ut?» spør han.

Statsråden har seks virkedagar på seg til å svare.

Olje- og energidepartementets (OED) gjorde i fjor eit poeng av forskjellen mellom fjell- og gravitasjonsfundamenter då dei sa nei til vindkraftplanane på Andmyran i Nordland:

«Departementet skal nemne at bruk av gravitasjonsfundamenter i seg sjølv aukar klimagassutsleppa, då slike fundament (...) krev bruk av ti gonger så mykje betong som fjellfundamenterte turbinar», heitte det i vedtaket.

Likevel er val av fundamentløysing ikkje eit vilkår for om det skal givast konsesjon til vindkraft.

Val av fundament er difor eit kort utbyggaren ikkje hadde trengt å vise.

– Det er ikkje vanleg praksis, seier seksjonssjef i NVE, Øyvind Leirset. (Les heile svaret i faktaboks).

Han legg til:

– Uavhengig av kva for ein metode som blir brukt for å forankre turbinane, må det gjerast inngrep i terrenget. Det er ikkje ein vesentleg forskjell mellom dei to metodane, og det krev eit like stort areal.

– Vil ha ubetydeleg effekt

Falck Renewables Vind seier til NRK at dei visste det var mykje jord på Stadfjellet – «mellom 0,5 meter og fleire titals meter».

Heile MTA- og detaljplanen til Okla vindpark kan lesast her.

Med utgangspunkt i at bergankerfundament er brukbare («viable») om dei ikkje er meir enn 1,5 meter under bakkenivå, hadde difor Falck tru på denne løysinga.

Det seier Scott Gilbert, leiar i selskapet. (Sjå heile svaret på engelsk under).

Gilbert legg til:

– Å endre fundamenttype vil ha ubetydeleg effekt («negligible effect») på utsleppa og omgjevnadane.

Vegen til Årvik på Stadlandet
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK