Fannemel: – Det funkar for meg i Asia

Honndølen er ikkje ein idrettutøvar som kan skryte av god døgnrytme. I helga viste det seg derimot som ein stor fordel.

Anders Fannemel med siger i storbakken i Hakuba

GLAD GUT: Anders Fannemel har ikkje problem med tidsskilnadane mellom Norge og Japan. I staden klinka han til med to pallplasseringar i Sommar Grand Prix-renna.

Foto: Lars Haugvad

– Eg synst ikkje det er noko stress å reise til Japan. Det er sikkert fordi eg har så dårleg døgnrytme til vanleg, så då blir det ikkje noko stress med dårleg døgnrytme her heller, flirer Anders Fannemel på telefon frå Hakuba, Japan.

Der har han i helga sikra seg pallplass i to renn under Sommar Grand Prix. Laurdag vart han nummer ein, medan han søndag svevde seg inn til ein tredjeplass med eit sterkt andrehopp.

– Det har gått veldig bra, så eg er veldig nøgd, seier 25-åringen.

Testar forma på andre sida av jorda

Det er framleis nokre månader til verdscupen startar i slutten av november. Men treningsgrunnlaget for VM-sesongen er allereie i ferd med å bli lagt for gutane på hopplandslaget.

Den siste veka er det hoppbakkane i Japan som har vore treningsfeltet for dei norske. Til vinteren er det prøve-OL i Japan, og med både ei lang reise og tidsskilnad gjeld det for utøvarane å takle det på ein god måte.

– Vi reiste litt før renna i helga for å hoppe i bakken og omstille oss med tida og slike ting. Dei siste tre renna mine i Japan har eg hatt to sigrar og ein tredjeplass, så det funkar tydelegvis for meg å vere i Asia, seier Fannemel.

Anders Fannemel på pallen saman med Joachim Hauer og Taku Takeuchi i Hakuba, Japan

PÅ PALLEN: Søndag vart det på ny pallplass for Fannemel. Her saman med lagkamerat Joachim Hauer (frå venstre) på andreplass og japanske Taku Takeuchi på topp.

Foto: Lars Haugvad

Uvane har blitt til ein fordel

Dei neste månadane blir det treningsopphald i forskjellige hoppbakkar, i hovudsak i Europa. Målet for Fannemel og lagkameratane er å få mest mogleg variasjon i treninga før konkurransane startar.

– Og så må vi trene fysisk mellom hoppøktene for å få ting på plass. Det blir mykje trening, men eg ser fram til det, seier Fannemel.

Han kvir seg slett ikkje på dei mange reisedøgna. 25-åringen frå Hornindal har nemleg god trening å kvile seg, når det passar.

– Eg trur det er ein fordel. Det varierer ofte med at vi har renn alt frå tidleg om morgonen til seint på kvelden. Men eg er god til å slappe av.

– Det var kanskje ikkje ein fordel i gamle dagar då eg gjekk på skulen, men det kan verke som det er ein fordel i dagens tilvære, flirer han.

På rett veg

Til vinteren er det altså både VM og prøve-OL. Sjølv om det er lenge att kjenner Fannemel at kroppen er på god veg til å bli klar.

– Hoppinga har fungert veldig bra, og kroppen har vore bra så langt i sommar. Det har gått mykje betre enn eg hadde trudd eigentleg, for eg har trent tungt og mykje, seier han.