Hopp til innhold

Dette middagsselskapet overraska fotografen

Svein Hjelmeset kunne knapt håpa på eit meir fascinerande opptak då kongeørna uteblei. Viltkameraet fanga ei havørn som hjelpte ramnen med å bli mett.

Svein Hjelmeset frå Gloppen måtte trekkje på smilebandet då han såg kva viltkameraet hadde fanga.

SJÅ VIDEO: Havørnen og ramnen i fredeleg middagsmåltid. (FOTO: SVEIN HJELMESET)

Det var i eit skogsområde i Breim i Gloppen at hobbyfotografen frå Sandane fekk setje opp viltkameraet, då ein bonde lét naturen få ordne opp i ein gris som hadde dauda.

– Det var kongeørna eg håpa å filme, men hadde den kome så hadde det aldri blitt eit slikt opptak. Den hadde nok gjort sitt for å få maten i fred, trur Svein Hjelmeset.

For det viltkameraet foreviga i vinter, forundra Hjelmeset. Ein skulle kanskje tru at havørnen ynskte seg så mykje som mogleg av maten sjølv, og jaga vekk ramnen.

I staden skjedde det motsette.

– Eg har fleire scener som viser at her sat ramnen og havørnen fredeleg og åt frå same matfatet, seier Hjelmeset og vedgår at han vart overraska då han såg videoen.

Havørn i Gloppen

HAVØRN: Denne ørna oppdaga ikkje Svein Hjelmeset før han var 30 meter unna.

Foto: Svein Hjelmeset

Han har tidlegare funne restar som tydeleg viser at havørnen har ete ramnungar. Noko som truleg er årsaka til at han ofte har sett havørn bli angripen av ramn.

I Breim var det faktisk havørna sine krefter og skarpe nebb som gav ramnen tilgang til matfatet.

– Det viser jo at når det er nok mat til alle, så er dei ikkje fiendar, seier Hjelmeset. Hobbyfotografen, som er langt over snittet interessert i fuglar, meiner situasjonen er ein av dei mest fascinerande han har foreviga.

– Eg fekk også scener der ramnen prøver å erte havørna. Den hoppa rundt og nippa den i stjerten, humrar han.

Har du artige tips, bilete eller filmar? Tips oss på sf@nrk.no eller på 03030.