Hopp til innhold

Christoffer (30) fanga på videoovervaking før fjellturen i Stryn

Politiet har starta ny leiteaksjonen etter den sakna Christoffer Ordahl (30) i Stryn. Familien går ut med bilete av kleda han hadde på seg då han la ut på fjelltur.

Denne jakka hadde sakna Ordahl på seg då han la ut på fjelltur

SAKNA: Christoffer Ordahl hadde på seg denne jakka då han la ut på fjelltur i Stryn for litt over ei veke sidan. Søndag har politiet starta ny leiteaksjon etter mannen.

Foto: Privat

Familien til den sakna Christoffer Ordahl (30) frå Risør, har no gått ut med private bilde av kva han hadde på seg då han la ut på fjelltur i Stryn for litt over ei veke sidan.

– Christoffer er 1,95 meter høg, så det bør vere lett å legge merke til han i ei knallblå jakke, seier søster hans, Julie Ordahl, til avisa Fjordingen.

Eit bilde frå eit overvakingskamera i ein matbutikk i Stryn, viser Ordahl kort tid før han la ut på fjellturen mot Årheimsfjellet fredag 10. mai. Sidan då har ingen høyrt frå han.

Christoffer Ordahl fanga på overvakingskamera i Stryn før han la ut på fjelltur

Christoffer Ordahl blei observert med ei blå Bjørn Dæhlie-jakke på overvakingskameraet i Stryn kort tid før han la ut på fjelltur.

Foto: Overvakingskamera

Det har blitt søkt med store styrkar etter mannen, i eit terreng som blir beskrive som krevjande.

No deler familien bilda med media, i håp om at nokon har sett den høge mannen med den blå jakka. Fjordingen melde først om overvakingsbildet.

– Vi tenker det er lurt å dele bilde både av jakke og sko, seier Julie Ordahl til avisa.

Denne jakka hadde sakna Ordahl på seg då han la ut på fjelltur

Det var denne jakka Ordahl hadde på seg da han la ut på tur.

Foto: Privat
Desse skoa hadde Ordahl på seg då han la ut på fjelltur i Stryn

Desse skoa hadde Christoffer på seg. Det er svarte Viking-sko med neongrøn tupp.

Foto: Privat

Tek opp att leiteaksjon søndag

17. mai melde politiet at dei formelt hadde avslutta redningsaksjonen. Då hadde det blitt søkt med store ressursar over fleire dagar i dei områda som politiet meinte var mest aktuelle, utan funn.

Saka blei vidare etterforska som sak som gjeld sakna person.

Søndag har politiet starta ny leiteaksjon etter Ordahl. Aksjonen blir leia av politi og mannskap på 20–25 personar frå Raude Kors.

– Vi vil gjere finsøk med utgangspunkt frå området der mobiltelefonen til den sakna sist sende signal, seier politiet sin innsatsleiar, Vidar Stavik.

I dette området var det Ordahl la ut på fjelltur.

Ordahl hadde delt innlogginga si til Google med familien sin. Opplysingar dei har funne, viser at han gjorde søk etter Loen Skylift og Hoven restaurant, medan han var på fjellet.

– Eg tenker han gjorde det fordi han var sliten, kald og svolten etter ein lang fjelltur, seier søstera Julie Ordahl til Fjordingen.

Les også Søkjer på fjerde dagen etter Christoffer (30) - kallar inn mannskap frå fleire fylke

Leitemannskap frå Røde Kors på veg mot Staurinibba

– Det er ingen nye opplysingar i saka, men politiet følger opp elektroniske spor som vedkomande har lagt frå seg, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NRK.

Leiteaksjon i fjellområda mellom Stryn og Loen.

Norske Redningshunder har delteke i søket. Området har blitt beskrive som bratt og med tidvis dårleg snø å ta seg fram i. Biletet er frå tidlegare i veka.

Foto: Norske Redningshunder

Ber publikum ta kontakt

Politiet ber publikum om å ta kontakt på telefon 02800 dersom dei sit på informasjon om den sakna mannen.

Ordahl budde i Arendal, men var opphavleg frå Risør.

– Sjølv dei minste ting kan vere viktige i det store etterforskingsbiletet, seier Rebnord.

Christoffer Ordahl fra Risør er sakna i Stryn.

Familien gjekk ut med namn og bilde av Christoffer Ordahl tysdag denne veka.

Foto: PRIVAT

Politiet har tidlegare søkt rundt fjelltoppane Staurinibba og Årheimsfjellet som ligg i området mellom Stryn og Loen.

Mannskap frå Sivilforsvaret, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Norske Redningshundar og andre frivillige, i tillegg til dronar og eit småfly, har søkt etter mannen.

Også frivillig mannskap frå nabofylka Møre og Romsdal og Innlandet har vore med i søket.

Søstera til Ordahl har vore i Stryn sidan broren blei meldt sakna måndag denne veka.

– Det er heilt enormt alt som blir gjort, sa søster Julie Ordahl til NRK torsdag.

Les også Familien til sakna Christoffer i Stryn er takksame for søket som har blitt gjort

Morten Hagen som er politi og innsatsleiar i Nordfjord saman med Julie Ordahl og faren til Julie.