Hopp til innhold

Søkjer på fjerde dagen etter Christoffer (30) - kallar inn mannskap frå fleire fylke

For fjerde dag på rad blir det søkt etter sakna Christoffer Ordahl i Stryn. 30-åringen frå Risør la ut på fjelltur fredag føremiddag.

Leitemannskap frå Røde Kors på veg mot Staurinibba

Leitemannskap frå Røde Kors på veg mot Staurinibba mellom Stryn sentrum og Loen.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

Store styrkar har sidan måndag leitt i krevjande terreng etter Christoffer Ordahl.

30-åringen er frå Risør, men er busett i Arendal.

Onsdag undersøkte leitemannskap interessante spor i det aktuelle leiteområdet. Men heller ikkje dette gav nokre svar.

Torsdag morgon startar leitinga opp for fjerde dagen på rad.

– No er det også kalla inn mannskap frå Møre og Romsdal og Innlandet, seier operasjonsleiar Tore-Andrè Brakstad i Vest politidistrikt torsdag morgon.

Dette kjem i tillegg til eit stort tal frivillige, hovudsakleg frå Vestland, som sidan måndag har delteke i leitinga.

– Det er ein redningsaksjon. Vi leitar så lenge det er lys å leite i, og så lenge vi har håp om å finne han i live, sa innsatsleiar for politiet, Vidar Stavik til NRK onsdag.

Etter ynskje frå familien til den sakna, gjekk politiet ut med bilete og namn tysdag kveld. Politiet ber også om tips frå publikum.

Christoffer Ordahl fra Risør er sakna i Stryn.

Christoffer Ordahl har vore sakna sidan måndag. Førebels har ikkje leiteaksjonen gjeve resultat.

Foto: PRIVAT

Omfattande søk

Søket starta opp att torsdag morgon med styrka innsats. Både Røde Kors, Norsk Folkehjelp, sju ekvipasjar frå Norske Redningshundar og andre frivillige er i sving.

Også eit småfly og dronar er sett inn i søket.

Tysdag deltok kring 30 personar i søket. Fleire vart kalla ut onsdag.

Og no torsdag kjem endå fleire frå nabofylka Møre og Romsdal, og Innlandet.

Innsatsleiar for politiet i Stryn, Morten Hagen

Innsatsleiar for politiet i Nordfjord, Morten Hagen.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

Morten Hagen, som var innsatsleiar for politiet onsdag, forklarte at området er krevjande og tungt å bevege seg i.

– Det er ein del bratte område. Det er stiar, men mange høgdemeter, og det er skrentar og område som er vanskeleg å søkje i, sa han.

Meld sakna i helga

Politiet er ikkje kjende med kva planar mannen hadde for opphaldet då han kom til Stryn med buss før helga. Etter planen skulle han sjekke ut frå Stryn camping laurdag.

Politiet veit han gjekk frå strynesida til Årheimsfjellet like over klokka 10 fredag.

Ifølgje Fjordingen er siste kjende lokasjon ved Skredfjellet mellom Hoven og Stryn, der mannen sende ein Snapchat frå mobiltelefonen sin. Dette skal ha vore like før klokka 18 fredag kveld.

Leiteaksjon i fjellområda mellom Stryn og Loen.

Det store søkeområdet vert opplyst å vere krevjande, med både bratt terreng og stadvis dårleg snø å ta seg fram på.

Foto: Norske Redningshunder

– Vi har ikkje funne spor etter han på fjellet. I dag konsentrerer vi søket i området ned frå fjellet, seier Stavik.

Kan utvide søkeområdet

Politiet har konsentrert søket rundt fjelltoppane Staurinibba og Årheimsfjellet som ligg i området mellom Stryn og Loen. Årheimsfjellet på 1.007 meter over havet.

Staurinibba ligg på 1.379 meter over havet. Turen vert skildra som middels krevjande.

Søkjeområdet er stort, men Stavik ser ikkje vekk ifrå at det kan bli utvida.

Det kan det, om vi ikkje finn han der vi søkjer. Det avheng av om vi får opplysningar som tilseier at han har gått vidare eller utanfor der vi søkjer no, seier han.

Ynskjer tips frå publikum

Politiet ynskjer tips i saka, og ber folk om å ta kontakt med Stryn politistasjon på telefon 989 00 603.

– Vi veit han var ved Årheimssætra klokka 1130, og gjekk vidare til Årheimsfjellet og var ved Skredfjellet kring 1530, seier Stavik og legg til:

– Vi er framleis interesserte i tips om nokon kan ha sett han på denne ruta.

Fjelltoppane Staurinibba og Årheimsfjellet ligg mellom Stryn sentrum og Loen.