Hopp til innhold

Skal varsle vêret på fjellet: – Ikkje godt nok for yrkessjåførar

Yr lanserer ny og oppdatert side for fjellovergangar, men regionsjefen i Lastebileigarforbundet meiner ho ikkje er god nok for yrkessjåførar.

Brøyting på Sennaland

BRØYTING: Vêret på fjellovergangane i Noreg kan fort snu.

Foto: Allan Klo / NRK

– Det er mange som varslar vêret, men få som varslar vêret her og no. Vêret skiftar frå minutt til minutt på fjellet, seier regionsjef i Lastebileigarforbundet, Jan Ove Halsøy.

Han meiner den nye samlesida til Yr om fjellovergangar, som skal innehalde vêr- og vegmeldingar, ikkje er god nok for yrkessjåførar. Halsøy vil ha informasjon om korleis vêret er akkurat no.

– Det er fordi vêret på fjellovergangane endrar seg heile tida, og då er sjåførane avhengige av å vite korleis forholda er, seier Halsøy.

Han meiner samlesida til Yr er bra for privatreiser over fjellovergangane.

– Av og til er det greitt å ha prognosar på kva slags vêr det er på fjellet. Men det er ikkje godt nok for dei som lever av å køyre, og som må over fjellovergangane ofte, seier Halsøy.

Førre vinter var eit rekordår når det kom til stengde fjellovergangar i Nord-Noreg. På fjellovergangane i Sør-Noreg var rv. 15 over Strynefjellet stengd i 544 timar, noko som er tre til fire gonger høgare enn dei siste åra.

Jan-Ove Halsøy

BRA, MEN IKKJE BRA NOK: Regionsjef i Lastebileigarforbundet, Jan Ove Halsøy, ber om vêrvarsel i samtid.

Foto: Christian Lura / NRK

Ringer heller kollegaer

Transportselskapet Transferd har kring 15 lastebilar på vegane kvar dag. Avdelingsleiar i Førde, Joar Råheim, seier dei ofte kryssar store fjellovergangar som Hemsedal og Filefjell.

Han fortel vidare at sjåførane er avhengige av å vite korleis vêret og køyreforholda er over fjellovergangane. Då slår dei ofte på tråden.

– Sjåførane kommuniserer med andre sjåførar som allereie har køyrt over eit fjell. Dei brukar også Vegtrafikksentralen ein del, seier Råheim.

Forskar ved Meteorologisk institutt, Anders Sivle, seier det må nokre tastetrykk til for å sjå vêret her og no.

– Yr viser vêret akkurat no for dei ulike stadene, men ikkje på samlesida for fjellovergangar. For å finne vêrvarselet må du trykke på den bestemte staden og sjå det der, seier Sivle.

Skulle det vore eit vêrvarsel om den noverande timen på samlesida, ville det truleg ført til at noko anna måtte vekk.

– Du tar alltid slike vurderingar når du lagar ei teneste. Skal vi gjere til lags dei som vil ha vêret no, så kan det få konsekvensar for dei som skal planleggje ei reise og må vite vêret i morgon.

Anders Sivle

YR: Forskar ved Meteorologisk institutt, Anders Sivle, meiner den nye samlesida blir nyttig for alle som må planlegge turen over ein fjellovergang.

Foto: NRK

– Nyttig for bilistar

Kommunikasjonsrådgivar i NAF, Ingunn Handagard, meiner samlesida vil vere eit godt hjelpemiddel for bilistar.

– Spesielt i skiftet mellom sesongane kan samlesida vere nyttig. Då kan du lett finne informasjon om det er naudsynt med vinterdekk, eller om du bør ta nokre ekstra forholdsreglar før du reiser, forklara ho.

Ingunn Handagard i NAF

Kommunikasjonsrådgivar i NAF Ingunn Handagard.

Foto: NAF