Hopp til innhold

Eritreisk arrangement: Førebur seg på samanstøytar i Bergen

Politiet i Bergen førebur seg på bråk og samanstøytar i dag. Ei markering av den eritreiske nasjonaldagen startar rundt klokka 15, og politiske motstandarar av arrangørane har varsla ein motdemonstrasjon. I haust i fjor enda same typen markering i store samanstøytar mellom dei to gruppene. Stabssjefen i politiet, Gustav Landro, seier til NRK at dei har kontakt med begge sider av konflikten, og han håpar at markeringa kan skje utan vald.

Suraffel Mehari Beyene, opprinnelig fra Eritrea

Eritreisk demonstrasjon: – Mange er frustrerte og sinte

Suraffel Mehari Beyene (27) meiner spenningsnivået mellom dei to eritreiske gruppene i Noreg er større enn nokosinne. Det kan vera dårleg nytt før laurdagens planlagde demonstrasjon i Bergen.