Når snøen legg seg i fjellet pleier dette ansiktet å dukke opp med jamne mellomrom. Tipsaren seier til NRK at dei har sett dette fleire gonger, og det vert sagt at kombinasjonen av snø og formasjonen i fjellet formar ansiktet til Ivar Aasen.
Om ein ser på bildet øvst i saka, er det ingen tvil om at det kan likna veldig på Aasen. Bilda er tatt frå Lotetunnelen og over Gloppefjorden.
- Les også:
Også ved den rasutsette Mannen i Møre og Romsdal har folk rapportert om at dei har sett ansiktsform i fjellet.
Har du sett liknande fenomen andre plassar i fylket? Ta bilde og legg det på Instagram med emneknagg #nrksf.