Men skal prosjektet vere lønsamt, må anlegget vere i gang innan seks år. Tidkrevjande byråkrati skapar no uro hjå Olav Osvoll i Sunnfjord Energi.
– Vi har veldig dårleg tid og er heilt avhengige av NVE og Olje-energidepartementet for å komme i mål til 2020, seier han.
- LES OGSÅ:
Er heilt avhengig av grøne sertifikat
Det er ikkje småtteri Sunnfjord Energi planlegg i elva Jølstra på strekket mellom Tongahølen sør for Vassenden og til Reinene på Moskog. Krafttunnelen blir 5,5 kilometer og 200 gwh med straum skal produserast i året. Dette er ei av dei største kraftutbyggingane i fylket i nyare tid.
Men skal utbygginga vere lønsam, må dei rekke fristen for å bli med i den grøne sertifikatordninga. Då må turbinane vere starta alt i 2020.
– Slik den framtidige kraftmarknaden ser ut i dag, vil ikkje prosjektet la seg realisere utan grøne sertifikat.
Kraftutbyggingar over heile landet håpar å kome med i den grøne sertifikatordninga som subsidierer utbygging av vasskraft gjennom å sikre høg nok marknadspris.
– Står i vegen for vekst
Men lang sakshandsamingstid i NVE og hjå Olje- og energidepartementet skapar trøbbel for at alt skal stå klart om seks år. Administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, meiner store utbyggingar bør få sleppe fram i byråkratiet og heller la utbyggingar av småkraftverk stå på vent.
– Det er rasjonelt å byggje ut større einingar om vi ønskjer å nå dei fornybare måla vi har sett oss.
Mykje står no på spel for kraftselskapet i Sunnfjord som ynskjer å vekse.
– Det som står på spel er ei vidare utvikling av det vi har vore med ein vekst på 40 prosent, seier han.