Hopp til innhold

Energiselskap vedgår svikt etter yngeldød i kjent lakseelv

Østfold Energi vedgår at det var menneskeleg svikt som førte til at Lærdalselvi blei nedtappa. Politiet vurderer å starte etterforsking.

Fleire død yngel frå Lærdalselvi

DØD: Då elva brått blei grunn fekk fleire yngel i den kjente lakseelva ein brå slutt.

Foto: Thomas Hjermann

– Vi er sterkt prega av denne hendinga, seier sjef ved Borgund kraftverk, Magne Netland.

Ein feil ved kraftverket førre veke førte til at vassføringa i Lærdalselvi gjekk kraftig ned.

Då personellet skulle sette i gang aggregatet som sørger for vasstilførsel til elva, blei det full stopp.

Feilen skjedde onsdag kveld kl. 18.30 og den kjende lakseelva fekk synleg lågare vasstand fleire stader.

Først i 3–4-tida om natta hadde Lærdalselvi normal vassføring.

No vedgår Borgund kraftverk at det har skjedd ein menneskeleg svikt, men at dei ikkje har kome fram til kva årsak som ligg bak.

– Det er ein rutinesvikt i forbindelse med igangsetting av aggregata våre ved Borgund kraftverk, seier Netland.

Borgund kraftverk

Magne Netland ved Borgund kraftverk fortel at feilen er ekstra trist sidan Lærdalsvassdraget er eit av satsingsområda til Østfold Energi.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Massegrav av død yngel

Den låge vassføringa i den kalde elva gjekk hardt utover yngelen som gøymer seg på botn av elva.

– Når det skjer så brå endringar, så strandar han. Vi er redd det er ein betydeleg mengde yngel som no har døydd, seier Ola Petter Bøe i Lærdal elveeigarlag.

Det er framleis for tidleg å seie kor mykje av yngelen i den kjende lakseelva som har døydd, men fleire stader i elva er det dokumentert yngel som flyt opp ned.

Dronninga blant lakseelvar

Lærdalselvi blir ofte kalla «Dronninga blant lakseelvar».

Dronningnamnet kjem av at Kong Harald fiska i elva frå han vart 14 år gamal og både Kongen og Dronning Sonja har vore faste gjestar i dei fleste åra det har vore fiske i elva.

Kong Harald får laks i Lærdal

Her får Kong Harald laks i Lærdalselvi i 2016.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Lærdalselvi har og blitt ein populær destinasjon for fleire sportsfiskarar.

I fjor blei det fiska 240 fisk i elva, der laksen som vart fanga hadde eit snitt på 6,8 kilo.

Politiet vurderer etterforsking

Førebels har ikkje elveeigarlaget meldt Østfold Energi til politiet etter skadane elva og yngelen har fått.

Men politiet i Sogndal har sjølv byrja å sjå på saka.

– Vi har ikkje starta etterforsking enno, men vi ser på saka og vurderer om vi vil starte etterforsking, seier Sondre Lillebostad, straffesaksansvarleg for politiet i Sogn.

Borgund kraftverk vil vere samarbeidsvillige om politiet startar etterforsking.

– Vi kjem til å hjelpe til politiet slik at jobben deira blir så enkel som mogleg, seier Netland.

Grunneigar fortvila over død yngel

Grunneigarane er fortvila over den døde yngelen dei må hente opp frå Lærdalselvi.

Foto: Mark Brooks