Endeleg punktum etter Os-drapet

Riksadvokaten har no sett endeleg punktum i straffesaka etter drapet på Hilda Feste (98).

Hilda Feste (98) ble drept på Os

DOMMEN BLIR STÅANDE: Dommen etter drapet på Hilda Feste i Os 1. nyttårsdag blir ikkje anka vidare til lagmansretten.

Foto: Oddmund Lunde/Ketil Jordan

Gert Johan Kjelby

INGEN ANKE: Statsadvokat Gert Johan Kjelby seier det no er sett endeleg sluttstrek.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

– Eg har fått stadfesta frå Riksadvokaten at dommen ikkje blir anka, seier statsadvokat Gert Johan Kjelby til NRK.no.

Frå før er det klart at 19-åringen som blei dømd til 19 års fengsel for drap og valdtekt av Hilda Feste (98) ikkje vil anka dommen til lagmannsretten .

Avgjerda frå Riksadvokaten er i samsvar med tilrådinga som aktor og statsadvokat Gert Johan Kjelby kom med i midten av desember . Sjølv om dommen blei 19 år i fengsel, to år mindre enn aktor la ned påstand om, meinte Kjelby det ikkje var grunnlag for ein anke.

– Utsiktene til ei vesentleg skjerping av straffa er usikre, sa statsadvokat Gert Johan Kjelby om grunngjevinga for å ikkje gå vidare med saka.

To av nevøane til Hilda Feste har tidlegare sagt at det har vore svært viktig for familien å unngå ein ny runde i retten .

– Det er veldig viktig for oss at det no blir sett sluttstrek. Det er ei utruleg belastning på dei næraste når dette kjem opp igjen og opp igjen, uttalte nevøen Per Arne Rød til NRK.no.

Egil Aadland og Per Arne Rød

SLUTTSTREK: Familien har sett fram til sluttstrek for saka. Dei to nevøane Egil Aadland (t.v.) og Per Arne Rød har vore talspersonar for familien.

Foto: Ole-Andrè Lagmanndokk / NRK