Hopp til innhold

– Vi får aldri tante Hilda tilbake

– Straff er noko uverkeleg. Vi får aldri tante Hilda tilbake, seier nevøen Per Arne Rød. Han kallar dagens dom for knusande.

Nevøene til Hilda Feste

– RIKTIG DOM: Nevøane Egil Aadland og Per Arne Rød (t.h.) har vore talspersonar for familien til Hilda Feste i samband med rettssaka. Dei sa i ettermiddag at familien er nøgd med dommen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

I dag blei ein 19-åring frå Os dømd til 19 års fengsel for valdtekt og drap på 98-år gamle Hilda Feste.

– Dette er ein av dei mest alvorlege straffesakene i Noreg etter krigen med ein så ung gjerningsmann, heiter det i dommen.

– Knusande dom

– Det var ein knusande dom, heilt oppunder maksgrensa. Vi ser på det som ei rimeleg straff sidan saka er så grotesk, seier nevøen til Hilda Feste, Per Arne Rød, til NRK.no.

– Det var ein solid og vel gjennomdrøfta dom, seier Egil Aadland, ein annan av nevøane til Hilda Feste.

Dei to nevøane og fleire andre i familien har fulgt heile rettssaka i Nordhordland tingrett, og var til stades då dommar Gunnar Torvund las opp dommen klokka 13 i ettermiddag.

– Det var forferdeleg sterkt å vera til stades. Alle detaljane kom opp på nytt, men det er godt at det ikkje er noko tvil om bevisa i saka, seier Per Arne Rød.

Ønskjer å setja sluttstrek

Per Arne Rød seier familien har eit veldig sterkt ønskje om at dommen ikkje blir anka til lagmannsretten.

Forsvararen til 19-åringen sa i retten i dag at han ville tenkja over om dei skal anka saka vidare . Aktor Gert Johan Kjelby seier til NRK at han vil bli overraska om 19-åringen ankar dommen, fordi han meiner bevisa er så sterke.

Kjelby seier han skal koma med ei innstilling til Riksadvokaten der han seier om dei bør anka straffeutmålinga. Straffa blei to år mindre enn aktor la ned påstand om.

– Om avviket er så stort at det blir ein anke skal jeg sjå nærare på, seier Kjelby.

Nevøane håpar begge partar lar vera å anka dommen.

– Det er veldig viktig for oss at det no blir sett sluttstrek. Det er ei utruleg belastning på dei næraste når dette kjem opp igjen og opp igjen, seier Rød.

– Verda kan vel aldri bli som før, men familien har behov for å koma tilbake til ein normalisert tilstand, seier Egil Aadland.

Egil Aadland og Per Arne Rød

FØLGDE RETTSSAKA: Dei to nevøane Egil Aadland (t.v.) og Per Arne Rød har følgt heile rettssaka etter drapet på Hilda Feste i Os.

Foto: Ole-Andrè Lagmanndokk / NRK