Hopp til innhold

Elevar saknar skulebøker: – Det blir litt mykje data

«Digital prøveperiode» gjer at mange elevar vil gå nesten to år utan fysiske bøker.

naturfag-bok

BÅDE-OG: – Både datamaskin og papir er gode måtar å lære på, men også gode måtar å ikkje lære noko som helst på, seier Øistein Anmarksrud, professor ved Institutt for spesialpedagogikk.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Eg hadde likt det best om det var ei blanding av bøker og datamaskin, seier Selma Vassdal, som går i 10. klasse ved Sande Skule i Sunnfjord på vestlandet.

– No blir det litt mykje datamaskin.

Rune Kvammen er rektor ved skulen.

– Så lenge eg er rektor, vil vi halde fram med fysiske lærebøker, seier han.

Han legg til:

– Personleg føler eg at papirbøkene skal ha ein plass i skulen.

Fagfornyinga er namnet på prosessen med å utvikle og innføre nye læreplanar i Kunnskapsløftet.

Arbeidet starta hausen 2020, men ikkje alt kjem på same tid.

Det vart difor bestemt at skulane skulle ha ein «digital prøveperiode» før dei kjøper inn fysiske eksemplar av bøkene.

Konsekvensen er at Gunvor Marie Bjørvik i 10. klasse ikkje får fysiske eksemplar av bøkene før til våren. Då har ho berre to månader att av ungdomsskulen.

– Då får eg ikkje akkurat så mykje bruk for bøkene, seier ho.

skolebøker

NAUDSYNT MED BØKER: Godt utvikla læremiddel er nødvendige verktøy i undervisninga. Den som underviser skal kunne påverke val og bruk av læremiddel i faget, meiner Lektorlaget.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Unge lærer betre av å lese på papir

I 2018 la forskarar fram ein såkalla «metaanalyse» under ein konferanse på Universitetet i Stavanger.

Undersøkinga var eit samandrag av 56 ulike studiar, frå meir 200 forskarar i over 30 land. Til saman var 170.000 deltakarar involvert.

Resultata var påfallande: Alle gjekk i favør av papir.

– Forsking har vist oss er at dei fleste lærer meir av å lese på papir, seier Øistein Anmarksrud.

Han er professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo.

– Under forskinga har vi sett at elevar likar betre å halde i noko fysisk som ei bok. I tillegg er det lettare for mange å orientere seg i ei bok.

Han legg til:

– Både datamaskin og papir er gode måtar å lære på, men også gode måtar å ikkje lære noko som helst på.

Kunnskapsminister Guri Melby

MÅ VITE MEIR: – Vi treng å vite meir om korleis digital læringsanalyse påverkar kva elevane og studentane lærer, sa kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i september.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Treng å vite meir om digital læringsanalyse

– Vi treng å vite meir om korleis elevane og studentane lærer, sa kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i september.

Då sette ho ned ei ekspertgruppe som skal vurdere bruken av digital læringsanalyse i grunnopplæringa og i høgare utdanning.

Gruppa vert leia av Marte Blikstad-Balas, som er professor ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking på Universitetet i Oslo.

Ho har tidlegare jobba med ein «LISA-studie» som undersøker samanhengen mellom undervisning, lesing og elevprestasjonar på ungdomstrinnet.

– Vi tolkar bokstavane som før, men vi les kortare tekstar og blir utolmodige, sa ho til NRK den gongen.

– Det kallast for «google-effekten». Vi veit at det er enkelt å søke opp informasjon på nettet, derfor trenger vi ikkje å huske alt vi les.

Dårlig nett

MYKJE SKJERM: I Lektorlaget si medlemsundersøking om læremiddel svarer under halvparten (47 %) at det er kjøpt inn nye læremiddel etter fagfornyinga.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Læraren klarer ikkje å kople opp datamaskina

I Lektorlaget si medlemsundersøking om læremiddel svarer under halvparten (47 %) av respondentane at skulen deira har kjøpt inn nye læremiddel etter fagfornyinga.

– Vi er opptekne av at lærarane skal få god opplæring. Etter 10–20 år i jobb har du god fagkompetanse, men det kan framleis vere mykje nytt å lære, seier Hilde Tørhaug i Norsk Lektorlag.

Stortinget har øyremerkt 170 millionar kroner til nye læremiddel, men det er berre grunnskolane som får middel etter elevtal.

For dei vidaregåande skolane meiner regjeringa at pengar til nye læremiddel ligg i rammetilskotet til fylka.

– Det går fint å bruke datamaskinene i kvardagen, men det er ofte eit problem at lærarar ikkje veit korleis dei skal handtere nettsidene vi er innom, seier tiandeklassing Mathea Kjelstad Lilleby.

Skulevenninna Selma Vassdal legg til:

– Det blir fort frustrerande når læraren ikkje klarer å kople opp datamaskina på storskjerm utan å få hjelp frå ein elev.

skolebøker
Foto: NRK