Hopp til innhold

Skule i sjokk etter at elev omkom i tragisk bussulukke

Elevane ved Øyrane vidaregåande skule har hatt ein tung dag, etter at dei fekk melding om at ein elev ved skulen omkom i bussulukka på Ringerike i natt.

Tre personar omkom i bussulukke på Ringerike, alle hadde tilknyting til Sogn og Fjordane. Transportarbeidarar i fylket er i sorg etter å ha opplevd den tredje tragiske ulukka på få månadar. Også ved Øyrane skule er det sorg etter at ein elev mista livet i ulukka.

SORG ETTER DØDSULUKKE: Ein skule har mista ein 16 år gamal elev og busseslskapet Firda Bilag mista ein av sine sjåførar i dødsulukka på Ringerike natt til tysdag.

– Førsteprioritet er å ta vare på elevane, spesielt dei frå klassen hennar. Dei er klassekameratar og snakkar med ho kvar dag, seier rektor ved Øyrane vidaregåande skule, Liv Horvei.

16 år gamle Maria Abrahamsen Knapstad frå Flora omkom i bussulukka på Ringerike i natt. Knapstad gjekk første året på restaurant og matfag ved skulen.

Liv Horvei, rektor ved Øyrane vidaregåande skule

PREGAR SKULEN: Dødsbodskapen om at ein elev omkom i bussulukka har prega alle ved Øyrane vidaregåande skule i dag, seier rektor Liv Horvei.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Eit vogntog kom over i feil køyrebane, og kolliderte med bussen frå Firda Billag som var på veg frå Gardermoen til Førde. Også sjåføren av bussen, 51 år gamle Asgeir Flaten frå Jølster og 69 år gamle Knut Sem Larsen frå Hemsedal, som var tilsett som sjåfør i Sogn Billag, omkom i ulukka.

– Våre tankar går først og fremst til dei heime, foreldre, søsken og vener. Vi blir også påverka av dette, men må vere profesjonelle. Vi skal ta vare på elevane som er i sorg og sjokk, Vi må verne om kvarandre og støtte kvarandre, seier Horvei om jobben ho og skulen no må gjere.

Open skule for elevane

Klassekameratane til den omkomne har vore på skulen i dag, men ikkje hatt undervisning. Resten av dagen og kvelden blir skulen open for dei som ynskjer å vere samla.

– Eg og andre lærarar blir her, og skulen blir ein open samlingsstad for dei som ynskjer å vere i lag. Vi skal også arrangere ei minnestund der vi kan vere i lag og minnast, seier Horvei, som førebels ikkje har avklart tidspunkt for minnestunda.

Har frykta å få ein slik beskjed

Ho meiner skulen sine kriseplanar har fungert godt, og at ein raskt kom i gong med kriseteam og det som måtte gjerast.

Når det skjer ulukker har rektoren mange gonger tenkt at nokre av hennar elevar kan vere innblanda, men det var eit sjokk då meldinga kom i dag tidleg.

– I dag var det faktisk ein av våre og det var ein veldig tung beskjed å få. Dette vil prege undervisninga og skulen ei stund. Det er heilt naturleg og det må vi ta høgde for, seier Horvei.