I ein tidlegare versjon av denne saka brukte NRK illustrasjonar som gav eit feilaktig inntrykk av den varsla stormfloden. I prosjektrapporten illustrasjonane var henta frå er referanseverdien nullnivået i det norske nasjonale høgdsystemet frå 1954. Varslet om vasstand på 231 cm torsdag nyttar sjøkartnull som referanse. Feil bruk av referanseverdiar skapte eit bilete av at den venta floden blir verre enn det prognosane tilseier. NRK beklagar feilen.
OPPDATERING: Det er sendt ut ekstremvarsel for torsdag. Ekstremvêret Vidar kan gjere at vatnet stig 225 centimeter over såkalla sjøkartnull.
- Les meir: Vidar kan «sluke» vestlandskysten
– Så høg vasstand me ventar no, skal berre koma kvart tiande til tjuande år, seier statsmeteorolog Anne Mette Olsen.
Prognosane til Meteorologisk institutt viser at vatnet kan stå rundt 20 centimeter over Bryggen. Det vil seia 220–225 centimeter over sjøkartnull når floda tek til på det meste torsdag føremiddag.
- Bakgrunn:
Vestavinden påverkar
Sterk vind frå vest, lågtrykk og fullmåne torsdag er grunnen til at uvanleg store vassmengder blir pressa mot land.
Folk i vestlandsfjordane må òg vera obs på den høge vasstanden. Vestavinden kan bidra til å stua vatnet opp inne i fjordarmane.
Olsen og kollegaene ved Meteorologisk institutt har gått ut med eit såkalla Fase A-varsel for strekninga mellom Åna Sira og Stad.
Det betyr at eit ekstremvarsel med eit namngjeve uvêr kan verta neste steg.
Bryggen vil renna over
- Les også:
På det høgaste er bryggekanten utanfor Bugården 1,97 meter. Alt tyder på at havet dermed vil renna inn før floda etter prognosane skal vera på sitt høgaste.
Sidan dei gamle trehusa på Bryggen ligg endå lågare, kan store mengder saltvatn bli liggande att når havet trekk seg attende.
– Eg er ganske sikker på at det kan bli problem i dette området, seier statsmeteorologen.
- Les også:
– Smakebit på det me har i vente
– Varslinga indikerer at det blir badetilhøve. Det ligg an til å bli som i 2005, då den lågareliggjande brygga stod under vatn. Her blir det fram med trepaller, seier oseanograf og klimaforskar ved Bjerknessenteret, Helge Drange.
Under stormfloda i 2005 var vasstanden 220 centimeter over sjøkartnull. Rekordmålinga skriv seg frå 27. februar 1990. Då var vasstanden 241 centimeter over normalen.
Men det er historie. Drange er meir uroa for framtidsutsiktene. Floder som den som er venta, kan verta årlege hendingar mot slutten av dette hundreåret, meiner klimaforskarar.
- Les også:
Forskarmiljøet ved Bjerknessenteret har stått bak fleire rapportar til FNs klimapanel. Dei spår at det som i dag vert rekna som 20-års flaum, i framtida vil vera ei årleg hending.
– Med dagens klimagassutslepp vil det vera tilfelle mot slutten av dette hundreåret. Det som i dag er ekstremt blir mykje meir vanleg.