Hopp til innhold

Ekspertar rømmer frå planarbeid om medisin til rusavhengige gravide

Skal staten trappa ned metadon og Subutex til gravide fordi mange nyfødde får abstinensar? Spørsmålet har ført til fullt opprør mot Helsedirektoratet blant fagfolk og interesseorganisasjonar.

Nyfødt baby med opiat-abstinenser

EIT NØDVENDIG ONDE?: Metadon eller Subutex i svangerskapet er omstridd fordi det ofte gir den nyfødde abstinensar, men å gi rusavhengige mødrer slik behandling kan gi barnet ein tryggare omsorgssituasjon.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Vi trekkjer oss på grunn av prosessen og fordi me ikkje blir høyrd.

Det seier Ida Kristine Olsen i proLAR – nasjonalt forbund for folk i LAR. Ho er sjølv ei av kvinnene som har brukt metadon eller Subutex i svangerskapet.

Helsedirektoratet reviderer no den nasjonale retningslinja (ekstern lenke) for legemiddelassistert rehabilitering (LAR) til gravide. Midt i arbeidet kjem sterke motsetnadar fram.

Omstridd

LAR-medisin til gravide skal gi heroin-/morfinavhengige eit meir stabilt liv og dermed tryggare svangerskap for fosteret og oppvekst for barnet. Men det er ei omstridd behandling.

Fosteret får den morfinliknande medisinen via mora sitt blod. Kvart år får fleire titals barn av mødrer på LAR abstinensar når navlestrengen blir klipt. Det kan ta månadar før abstinensane er borte.

I fjor tilrådde eit «konsensuspanel» (ekstern lenke) å endra formuleringa frå at LAR-medisineringa «bør» til at den «kan opprettholdes under graviditeten».

– Knebling

Stridens kjerne er at direktoratet vurderer innstramming. Dei vil ha sterkare vekt på langtidsvirkande prevensjon og at gravide trappar ned LAR-medisinen.

Før helga trekte begge brukarorganisasjonane – proLAR og A-larm – seg frå revisjonsarbeidet.

«Vi opplever å være gissel og alibi i en politisk og forutinntatt prosess uten mulighet for medvirkning,» skriv dei til direktoratet.

Ida Kristine Olsen, proLAR

VIL BLI HØYRT: – Dei lyttar ikkje til oss som har fått barn i LAR, eller barna sjølve, seier Ida Kristine Olsen i proLAR. Ho har i protest trekt seg frå Helsedirektoratet sitt arbeid med nye retningslinjer for LAR til gravide.

Foto: Privat

Olsen meiner brukarorganisasjonane har blitt ignorert og knebla.

– Dei lyttar ikkje til oss som har fått barn i LAR, eller barna sjølve.

Fagprotest

No trekker også fire sentrale fagpersonar seg frå revisjonsarbeidet. Dermed har kvar fjerde gruppemedlem gått i protest.

«Vi vil med dette uttrykke vår sterke bekymring for retningslinjeprosessen og de faglige føringene for gravide i LAR og derav konsekvenser for både gravide i LAR, deres fostre, barn og familier.»

Det skriv ein seksjonsleiar og ein seksjonsoverlege ved Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen, ein psykologspesialist ved Sykehuset Innlandet og ein overlege ved Kvinneklinikken i Bergen.

– Kompetansemangel

Dei seks som trekkjer seg meiner rådet framleis bør vera at gravide LAR-brukarar held fram med medisinen, også av omsyn til barna.

Fagfolka meiner «prosjektledelsen mangler nødvendig faglig kompetanse» og at Helsedirektoratet må «erstatte prosjektleder for å nullstille de vansker/tillitsproblemer som har oppstått.»

Helsedirektør Bjørn Guldvog

VIL BLI BETRE: Helsedirektør Bjørn Guldvog beklagar at seks av 21 utvalsmedlemar har trekt seg i protest. Han lovar å lytta til innvendingane.

Foto: Rebecca Ravneberg / Helsedirektoratet

Direktoratet beklagar

Helsedirektør Bjørn Guldvog seier det har vore ein vanskeleg prosess å leia.

– Her ligg det ganske sterke faglege motsetnadar i botn. Vi beklagar at vi har leia prosessen slik at mange, eller i alle fall nokon, oppfattar den som dårleg.

Han inviterer kritikarane til møte med direktoratsleiinga. I dag melde direktoratet at dei stansar revisjonsprosessen inntil då.

– Vi vil gjera alt vi kan for å sikra god brukarmedverknad. Eg håpar vi kan få dei med i arbeidet att.