Hopp til innhold

Vil gi alle sårbare og unge gratis helsehjelp

Legeforeininga meiner alle sårbare grupper må sleppe å betale eigendelar i helsevesenet. Tidlegare rusmisbrukar Klara Veronica Tobiassen jublar over forslaget.

Klara Veronika Tobiassen sitter i sofaen i leiligheten sin sammen med katten.

Klara Veronika Tobiassen har fått eit nytt liv gjennom LAR-behandling.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Mange droppar ut av behandling på grunn av eigendelar dei ikkje har råd til, seier Klara Veronika Tobiassen.

LAR-behandlinga har fått henne ut av mange år som rusavhengig.

– Det redda livet mitt, seier ho.

Regjeringa foreslo i mai ei endring av pasientbetalingsforskrifta. Dei ønskjer fritak for eigendel for poliklinisk helsehjelp for LAR-pasientar.

Forslaget har no vore på høyring. Både helseføretak, interessegrupper og foreiningar har svart.

Den norske legeforening støttar forslaget. Dei meiner også det bør gjelde for alle sårbare grupper og menneske under 20 år.

Les også Unge sliter med høye legeregninger: – Koster fort 300 kroner å ha omgangssyke

Bergljot Apeland Kvæstad og Eivind Lervik Tornli

– Det er eg heilt samd i, seier Klara Veronika Tobiassen.

Ho veit at mange slit med økonomien.

Klara Veronika Tobiassen

Klara Veronika Tobiassen seier mange slit med å betale for helsetenester.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

NRK har tidlegare skrive fleire saker om LAR-pasientar som droppar ut av behandling på grunn av eigendelar.

– Forsterkar sosiale forskjellar

Den norske legeforening er bekymra for stadig auka eigendelar i helsevesenet.

Per i dag er eigendelen for ei poliklinisk undersøking på norske sjukehus på 375 kroner.

– Vi ser at dei mest sårbare pasientane ikkje har råd til å betale. Mange har allereie gjeld frå før til helsevesenet. Det gjer det vanskeleg å oppsøkje helsehjelp, seier Lars Lien i Legeforeningen.

Han er leiar for Norsk psykiatrisk foreining.

Lars Lien er psykiatier og faglig rådgiver for Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse (NKROP). Han har kort grått hår, lys hud og mørke øyne. På bildet ser man ham fra brystet og opp. Han har på seg en mørkeblå skjorte med grå t-skjorte under og ser rett i kameraet.

Lars Lien i Legeforeininga er leiar for Norsk psykiatrisk foreining.

Foto: Thomas B. Eckhoff / Den norske legeforening

– Vi veit at dei mest sårbare pasientane er dei som har dårlegast helse og treng helsetenestene mest, seier Lien.

No tar foreininga til orde for at det både skal bli gratis med helsetenester og medisinar. Dette for at dei sosiale helseforskjellane ikkje skal aukast.

– Mange av pasientane mine har heller ikkje råd til nødvendige medisinar, seier Lars Lien.

Mange med i høyringsrunden

Ein omfattande høyringsrunde er no over. Dei aller fleste instansane som jobbar innan psykiatri og rus meiner fritaket bør gjelde alle innan feltet.

– Vi ser mykje fælt når vi køyrer ut med mat og anna hjelp, seier Jostein Jensen.

Han er styreleiar i Mental Helse i Nord-Rogaland.

Jostein Jensen

Jostein Jensen er styreleiar i Mental Helse Nord-Rogaland.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Mange innan både psykiatri og rusfeltet sit heime og er underernært. Dei har næringsdrikker på resept, men hentar dei ikkje ut fordi dei ikkje klarer å betale eigendelen, seier Jensen.

Regjeringa går no gjennom svara som er komne inn.

Slit framleis med inkasso

Klara Veronika Tobiassen heldt fram med å gå i terapi sjølv om ho ikkje betalte eigendelane sine. Det har gjort at ho har inkassokrav på fleire tusen kroner.

– Eg håpar også at regjeringa finn ei løysing på dette. Vi er mange som slit med gamle inkassokrav, seier ho.

NRK har stilt ei rekkje spørsmål til Helse- og omsorgsdepartementet. Mellom anna om det er problematisk å berre gi fritak til ei gruppe pasientar.

Departementet skriv i ein e-post til NRK:

Det er frå 1. juli sett i verk fritak for eigendel i samband med LAR-behandling. I høyringa var det fleire instansar som meinte at også andre grupper burde ha fritak. Departementet har ikkje tatt dette til følgje i denne omgang.