Hopp til innhold

Eks-politi mista sonen: Meiner familien hadde vore fulltalig dersom rusreforma kom før

Sonen til Knut Røneid tok livet sitt etter å ha blitt straffa for hasjbruk. Ei rusreform kunne redda sonen sitt liv, trur den tidlegare politimannen.

Knut Røneid

ØNSKJER ENDRING: Tidlegare politimann Knut Røneid har lenge ønska seg ei endring i ruspolitikken.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I dag la regjeringa fram forslaget til rusreform, som blant anna vil fjerne straffansvar for bruk og oppbevaring av mindre mengder narkotika.

Men i 2015 tok sonen til Knut Røneid livet sitt, berre kort tid etter at han vart fråteken førarkortet på grunn av hasjrøyking.

– Det var så hardt for han, at han ikkje kunne leve med det. Det var forferdeleg stigmatiserande, og det er det dette handlar om. Det er stigmatisering av dei som er utsett frå før og som kanskje ikkje har det så lett, fortalde Røneid til NRK i 2018.

Han hevdar at politiet bommar i sin måte å jobbe med ungdom og rus, og trur familien enno hadde vore fulltalig om ei rusreform hadde vore på plass i 2015.

Derfor hadde han også store forventingar til dagens reformforslag frå regjeringa.

– Dagens ruspolitikk blir heilt sikkert endra på eit eller anna vis, men det er om å gjere å få endra det nok. Det må skje skikkeleg, og ikkje berre på papiret, seier Røneid til NRK i dag.

– Ikkje lenger straffbart

Om regjeringa får det som dei vil, kan personar vera i besittelse av 10 gram cannabis utan å få straff.

Dei som blir tatt med mellom 10 og 15 gram cannabis, vil få tilbod om rådgjeving.

– Vi opphevar straffansvar for bruk og oppbevaring av mindre mengder narkotika til eige bruk. Det betyr at det framleis er forbode, men det er ikkje lenger straffbart, sa helseminister Bent Høie (H).

I 2017 stilte Røneid og familien til intervju med Bergens Tidende. Der kom det fram at den då 18 år gamle sonen ovanfor politiet innrømma å ha røykt cannabis sju gonger på to månader.

Knut Røneid fann sonen død på badegolvet heime i Gaupne i Luster. På mobilen var det skrive eit avskjedsbrev, der sonen skreiv at han ikkje klarte å leve med at førarkortet hans vart fråteke.

Guri Melby og Bent Høie på pressekonferanse om koronasituasjonen

PRESENTERTE REFORM: Helse- og omsorgsminister Bent Høie og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby presenterte regjeringas forslag til rusreform.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Må omfatte alle

Han meiner det ville hatt store konsekvensar å halde på dagens ruspolitikk.

– Den erfaringa har vi gjort oss sidan 1970. Det vil bety eit stabilt og høgt tal på overdosedødsfall og stor ressursbruk for politiet, meiner Røneid.

Særleg ein ting er viktig å endre på, seier han:

– Det er ikkje vits å setje dei tunge rusbrukarane på glattcelle og ta ifrå dei medisin berre fordi dei er sjuke. Dessutan er det viktig at ein reform omfattar alle brukarar – unge, gamle, tunge eller såkalla rekreasjonsbrukarar. Vi kan ikkje setje eit skilje mellom dei.