Hopp til innhold

Paret visste ikkje kva som var i vente – no kan dei vere tryggare

For eitt år sidan måtte sambuarparet kaste seg i bilen då elva fossa rett mot huset deira. No skal ekspertane bli flinkare til å varsle det farlege styrtregnet.

Movika sommaren 2019

ØYDELAGT: Anny Andreassen hentar dei viktigaste tinga ut av heimen sin etter rasa i Jølster.

Foto: Vidar Solhaug / Privat

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi hadde aldri trudd at det kunne kome så mykje regn på så kort tid, seier Vidar Solhaug.

Torsdag er det gått eitt år sidan sambuarparet Vidar og Anny måtte storme ut døra og kaste seg i bilen.

Vatn, jord, stein og røter vart slyngt inn på eigedomen deira.

Ekstremvêret som trefte Sunnfjord og Nordfjord tok eitt menneskeliv denne dagen. I løpet av kort tid gjekk mange titals store og små skred i og kring bygda Vassenden.

Regnet kom etter dagar med fantastisk sommarvêr. Så mørkna himmelen til og infernoet braut laust.

Kort tid etter måtte sambuarparet leggje på sprang. Rett bak kom flaumskredet etter dei.

– Eit minutt eller to til, og vi hadde ikkje kome oss vekk med bil.

Vidar Solhaug og Anny Andreasen

FARLEG: Den vesle bekken vart til ei frodande elv under det ekstreme regnvêret.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ingen veit akkurat når eller kor styrtregnet kjem

Skred som dette har tatt liv og rasert tettstadar dei siste åra.

Felles for mange av desse skreda er at dei kjem etter styrtregn på varme sommardagar.

For meteorologane er dette regnet vanskeleg å varsle.

Dei veit at byene vil kome, men det er uråd å vite akkurat kor, og kor lenge.

– Sidan hendinga i Jølster har vi endra metodikken for korleis vi varslar styrtregn. Vi kan få opp sannsynet for eit større geografisk område, og kor sjansen for styrtregn er størst, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Styrtregn i tronge fjordarmar og dalføre er ekstra krevjande, fordi byene blir hengande mellom fjella utan å reise forbi.

Men også i byane skapar overvatn alvorlege øydeleggingar.

Typisk kjem dei om seinsommaren.

– Vi ser at det har auka både i hyppigheit og intensitet. Vi ventar at desse intense hendingane vil auke i framtida. Det er fordi temperaturen vil halde fram å auke, som følgje av klimaendringar, seier Anita Verpe Dyrrdal, som er forskar ved MET og leiar for norsk klimaservicesenter.

Styrtregn i Oslo

KAOS: Uventa styrtregn har fleire gonger skapt kaos i Oslo.

Foto: Thomas Marthinsen / NRK

Meir presise modellar

Om nokre år vil styrtregnet kunne varslast heilt nøyaktig, meiner fagfolk. No jobbar dei med å finne ut korleis.

– Vi må vite meir om prosessane i skyene, og korleis nedbøren oppstår for å lage meir presise modellar. Det andre vi er avhengige av er store datamaskiner med enorm reknekapasitet, seier Dyrrdal.

– På sikt trur eg vi kan varsle hendingar som i Jølster heilt presist, seier Gislefoss.

Movika sommaren 2019
Foto: Vidar Solhaug / Privat

Sensorar i bratte skråningar kan varsle innbyggarane

Samstundes jobbar skredekspertar ved Sintef og NVE med å finne ut kva for skråningar som er farlege.

Datasensorar i skråningane kan revolusjonere korleis ein varslar jordskredfare, seier Ivan Depina, som er forskar ved Sintef.

– Slike system har tidlegare vore svært dyre, men kostnadane er på veg nedover i takt med at stadig fleire gjenstandar kommuniserer via nettet.

Laster Giphy-innhold

Varslinga går frå gul til oransje til raudt, som er det farlegaste.

I ettertid ser NVE at dei burde ha varsla raudt i Jølster. I løpet av éin time gjekk nærmare 80 små og store skred.

– I dag varslar NVE jordskredfare over store geografiske område, men vi klarer ikkje å fange opp lokale variasjonar i nedbør, spesielt om sommaren, seier Graziella Devoli, seniorgeolog i NVE.

Devoli håpar ny teknologi skal gjere folk tryggare.

– Vi kan sjølvsagt ikkje plassere instrument overalt i Noreg, men dette kan vere til nytte der det ofte går skred, seier han.

Skulle vere trygge – var det ikkje

– Det var forferdeleg å kome tilbake og sjå skadane, seier Anny Andreassen .

Elvane hadde kasta inn mange hundre kubikk med stein på eigedomen deira.

– Det var heilt uverkeleg. For kvar dag vi kom tilbake såg vi meir som var øydelagt. Skadefirmaet måtte tømme taklampane i kjellaren for vatn, seier Vidar Solhaug.

Movika i Sunnfjord

ETTER: Eit år etter er elvane sikra nærmast eigedomen, men det er ikkje gjort noko lenger oppe i fjellsida.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Framleis ligg det småstein og lausmassar langs elva oppover fjellet. Mykje av dette vil nok rase ved neste flaum, meiner paret.

Men huset skal vere sikkert. Ein diger betongvegg ved elvekanten skal trygge dei.

– Vi er samde om at vi er trygge, men vi skal aldri seie at det ikkje kjem igjen, for det veit vi ikkje. Men vi håpar at meteorologane skal varsle i tide, seier paret.