Hopp til innhold

Eit hint av vinter dei neste dagane

Bilistar som skal over høgfjellsstrekningane kan bu seg på snøføre når det blir snøbyer ned mot 1000 meter.

Snø i fjella

KVITT PÅ TOPP: Sjølv om det er haustfargar i låglandet, fargar snøen fjelltoppar over 1000 meter kvite. På fjella Vora og Steinheia i Gloppen kommune kan du treffe på snø.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Snøbyer kan gje vanskelege køyreforhold på fjellovergangane. Dette gjeld frå seint i kveld og ut dagen i morgon, seier meteorolog Trond Torsteinson.

Skal du ta turen mellom vest og aust med bil, så kan det vere greitt å sko seg til eit møte med snødekte vegar på fjellovergangane.

Meteorologisk institutt har sendt ut eit OBS-varsel for heile Sør-Noreg om snø i høgfjellet. Frå tidleg torsdag til tidleg fredag er det venta 60 til 80 mm nedbør i Sogn og Fjordane, medan det er venta mellom 70 til 100 mm i både Rogaland og Hordaland.

– Det kjem ein del nedbør. I dag kjem store delar som regn i første omgang. Snøgrensa har så vidt byrja å falle, men det er først i kveld at nedbøren kjem som snø i fjellet, seier Torsteinson.

Sko deg på snø

Det blir ikkje berre grått og vått dei neste dagane. Allereie no kan fleire sjå fjell med kvite toppar.

Det blir snøbyer ned mot 1000 meter, seier Torsteinson.

Prognosane for Strynefjellet, Sognefjellet og Vikafjell viser at det blir nedbør i form av snø og lave temperaturar. Meteorologen er ikkje i tvil om kva han vil råde bilistane til.

– Bilistar bør absolutt sko seg om ein skal over fjellet.

Snø i september

SNØGRENSA KRYP NEDOVER: Frå Panoramavegen er det utsikt innover mot Nordfjorden der snøen ligg på nokre av fjelltoppane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Regn i låglandet

Sjølv om det ikkje er fare for snø i låglandet, blir det ein del regn og vind for oss som ikkje skal ta turen over fjellet til Austlandet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har auka flaumvarselet til nest høgste nivå.

– Det er relativt store nedbørsmengder som no kjem. Lokalt kan vi få store øydeleggingar, seier regionsjef i NVE, Brigt Sandal.

Sandal oppmodar alle til å halde eit ekstra auge med røyr og sluk.

– Pass på at vatnet får flyte der det skal flyte, og at rusk og rask ikkje ligg i vegen.