Hopp til innhold

Ei vigsle utanom det vanlege

Laurdag under Hansadagane via paret frå Måløy seg på ein båt i Vågen – men ikkje ein kva som helst båt.

Ann Kristin og Tore Nybakk giftar seg

PÅ DEKK: Paret Tore og Ann-Kristin Nybakk gifta seg på den verneverdige familiebåten M/S Nybakk laurdag under Hansadagane.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

Med ein lang familiehistorie var det inga tvil. Tore Nybakk skulle gifta seg på M/S Nybakk. Laurdag vart det ein realitet.

– Når det først skal skje, skal det skje på denne båten, fortel den nygifte mannen frå Måløy.

Ann Kristin og Tore Nybakk giftar seg
Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

Båten på 82 fot blei vart bygd av bestefar Nybakk og søskena i 1961.

– Sidan har båten vore eigd av far hans, så dette er ein båt som er veldig tilknytt familien Nybakk.

Det fortel Ann-Kristin Nybakk, som framfor familie og tilskodarar på Hansadagane gav Tore Nybakk sitt ja.

Når det først skal skje, skal det skje på denne båten.

Tore Nybakk

– Korleis følast det å gifta seg på ein båt?

– Heilt fantastisk. Det var den rette plassen og det rette elementet for oss, seier fru Nybakk.

M/S Nybakk

VERNEVERDIG: Veteranfiskebåten M/S Nybakk fekk status som verneverdig skip av Riksantikvaren i 2010.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK