Hopp til innhold

Riksantikvaren seier ja til bybane over Bryggen

Riksantikvaren meiner bybanen til Åsane kan byggjast utan at den øydelegg verdsarven på Bryggen.

Bryggen og Vågen foto

Bryggen i Bergen har verdsarvstatus. Det har blitt krangla i over ti år om Bybanen til Åsane skal gå over Bryggen eller ikkje.

Foto: Trond Isaksen / Riksantikvaren

I ei pressemelding fredag melder Riksantikvaren at dei godtek at Bybanen blir bygd over Bryggen.

– Mellomalderbyen Bergen og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi. Difor er det naudsynt å vera varsam når ein skal planlegga for eit så stort tiltak som Bybanen, seier riksantikvar Hanna Geiran i pressemeldinga.

Ho er nøgd med planane som kommunen leverte til Riksantikvaren før påske.

– Det vil alltid vera usikkerheit til stades ved så store anleggsarbeid, men det er gjort godt arbeid for å minimera risikoane. Bergen kommune har arbeidd grundig og raskt for å møta våre krav i det reviderte planforslaget, seier Geiran i pressemeldinga.

Slik er traseen for Bybanen til Åsane planlagd.

Kan gå vidare med planane

Byutviklingsbyråd Ingrid Nergaard Fjeldstad (V) er strålande fornøgd med konklusjonen frå Riksantikvaren.

– Eg fekk jobben som byutviklingsbyråd i fjor haust med ei stor og viktig oppgåve: Å landa Bybanen til Åsane. No ligg alt til rette for at vi kan levere ein reguleringsplan utan motsegn til bystyret, seier Fjeldstad.

Ingrid Nergaard Fjeldstad (V), byråd for byutvikling i Bergen

Ingrid Nergaard Fjeldstad (V).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

No har ho forventningar om at staten skal stilla opp og betala for gildet.

– Eg opplever at diskusjonen i staten er kor fort ein skal få bygga denne bybana. Her er folk utolmodige, og eg opplever også at staten vil ha bana, seier byråden.

– Viss de ikkje får meir statleg støtte, vil de bygga likevel og betala med bompengar?

– Nei. Vi må ha staten med. Det lokale bidraget ligg i den gjeldande bompengepakka.

Vestland fylkeskommune melder at dei no kan akseptera reguleringsplanen.

– Me meiner uvissa og konsekvensane for både nasjonale og internasjonale kulturminneverdiar er reduserte så langt der er råd, og vurderer dei no som akseptable, seier fylkesdirektør Rune Haugstdal i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Det betyr at Bergen kommune kan godkjenna det reviderte planforslaget og gå vidare med planane.

Saka skal opp i bystyret 31. mai. 2. juni skal Fjeldstad ha møte med samferdsleminister Jon-Ivar Nygård.

Eit nytt prisanslag frå mars viser at Bybanen til Åsane kan kosta 21 milliardar kroner.

Slik ser dei ferskaste illustrasjonane frå Bergen kommune av bybanetraseen over Bryggen ut:

Bergen kommune illustrasjon Bybanen Bryggen
Bergen kommune sin illustrasjon av Bybanen over Bryggen
Bergen kommune sin illustrasjon av Bybanen over Bryggen
Bergen kommune sin illustrasjon av Bybane-traseen over Bryggen
Bergen kommune illustrasjon Bybanen Bryggen

Mange år med diskusjon

Det har vore knytt stor spenning til kva Riksantikvaren tenkjer om planane om å legga skinner framfor Bryggen, som fekk verdsarvstatus i 1979.

Hausten 2022 konkluderte Unesco med at Bybanen kunne vera bra for Bryggen. Det er Unesco som avgjer kven som får ha verdsarvstatus og ikkje. Også Unesco stilte krav til prosessen vidare.

I Bergen har politikarar krangla om Bryggen-spørsmålet i over ti år. I 2021 gjekk byrådet av då bystyret vedtok at Bybanen skulle gå i tunnel til Åsane. Kort tid seinare gjekk dei på igjen då utbrytarar frå Senterpartiet og Raudt flytta fleirtalet tilbake til at Bybanen likevel skulle gå over bryggen, og bystyret gjorde nytt vedtak.

I mars kom Statens vegvesen med eit nytt forslag til Nasjonal transportplan (NTP). I planen deira er ikkje Bybanen til Åsane prioritert. Dei foreslår at den tidlegaste byggestarten for prosjektet er i 2030. Med det vil ikkje Bybanen bli ferdig før etter 2036.

Same dag kom det òg eit nytt anslag som viste at traseen til Åsane vil bli over 3 milliardar kroner dyrare enn planlagt. Byråd for klima, miljø og byutvikling viste då til byggestart i 2024 eller 2025.

Bryggen i Bergen, også kjent som Tyskebryggen og Hansabryggen, omfatter den gamle trebebyggelsen og brannsikre steinkjellere i den historiske bykjernen i Bergen

Verdsarvområdet med bygningane på Bryggen og Hanseatisk museum er eit minne om ein av dei største handelsbyane og – hamnene i Nord-Europa, skriv Riksantikvaren om Bryggen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Må gjennomføra gransking og tiltak

I desember 2022 opna Riksantikvaren for at Bybanen kunne gå over Bryggen, men då peika dei på at reguleringsplanen ikkje var god nok til å ta vare på verdsarvstatusen til området. Då ville dei råda fylkeskommunen til å klaga på reguleringsplanen til Bergen kommune.

No har dei vurdert Bergen kommune sitt reviderte planforslag og kome fram til at fylkeskommunen ikkje bør klaga på reguleringsplanen.

Like før påska i år, sende Bergen ut eit revidert planforslag. Det gjer til at Riksantikvaren sin vurdering no er at reguleringsplanen for Bybanen, Bergen sentrum – Åsane kan godkjennast.

– Føresetnaden er at det vert gjennomført arkeologisk gransking og avbøtande tiltak, for å sikre kjeldeverdi og langsiktig bevaring av kulturlag i planområdet og tilgrensande område, heiter det i pressemeldinga.

Bryggen

Mange har i lange tider meint mykje om Bryggen. Biletet viser eit demonstrasjonstog for riving av Bryggen i Bergen i 1945 eller 1946.

Foto: Riksantikvaren