Hopp til innhold

Skal vitje alle tingstader som er etablert etter mønster frå Gulatinget

Veteranfiskebåten M/S Nybakk frå Raudeberg i Vågsøy kommune blir sendebod for Gulatinget når andre tingstader skal vitjast i samband med grunnlovsjubileet neste år.

M/S Nybakk

BLIR AMBASSADØR: M/S Nybakk skal frakte representantar frå Tusenårsstaden Gulating når dei skal vitje andre tingstader i vest neste år.

Foto: M/S Nybakks Venner

Kulturtoktet i 2013 vert ein del av den storstilte markeringa av grunnlovsjubileet på tusenårsstaden i Gulen, forklarar leiar for Tusenårsstaden Gulatinget, Espen Selvik, i ei pressemelding.

Då skal representantar frå Tusenårsstaden Gulatinget vitje alle tingstadane som vart etablert etter mønster frå Gulatinget. Dei reiser med kulturbåten M/S Nybakk som er frå Raudberg i Vågsøy.

– Vi har vore i dialog om samarbeid i eit års tid og er no blitt samde om ramma for det vidare samarbeidet, seier Selvik.

Planegg langreise neste år

Dei hadde møte med M/S Nybakks venneforeining på Guløy førre fredag. Dermed er planane også klare for den store reisa neste år.

– Vi kjem til å reise vestover med offisielle gåver og helsingar frå Gulatinget, og vi planlegg å kome heim til markeringa på Gulatingsdagen med gåver og helsingar frå dei ulike tingstadane i vest, seier Per Kåre Nybakk frå M/S Nybakk venneforeining.

Planen er å reise ut i juni og komme tilbake 28. juni som er Gulatingsdagen. M/S Nybakks Venner har som ansvarleg eigar av veteranfiskebåten drive kulturutveksling med Orknøyane og Shetland sidan båten igjen vart sjødyktig i 2008. På 60- og 70-talet dreiv båten havfiske i områda ved Shetland, Orknøyane, Hebridane og Færøyane.

(Saka held fram under biletet)

M/S Nybakk

VIKINGAR: Espen Selvik i Tusenårsstaden Gulating kallar gjengen bak M/S Nybakk for vikingar, og er sikker på at dei vil ta oppdraget for Gulating på strak arm.

Foto: M/S Nybakks Venner

Har besøkt tingstadene allereie

– Gjengen bak M/S Nybakk har demonstrert at dei kan levere kystkultur på eit høgt nivå. Dei er samstundes autentiske og litt vikingar. For Tusenårsstaden Gulatinget vert dette samarbeidet ein stor ressurs for å utvikle levande kontaktar i vest, seier Selvik.

Også i år har M/S Nybakk vore på kulturtokt for å treffe representantar for tingstadane. Det starta med torgdagen i Bergen 8. juni og deretter vidare til Nordsjøfartmuseet i Tælavåg. Så vidare til Orknøyane, Dingwall og Hebridane via Caledoniakanalen.

– I år handla desse møta om å knyte kontaktar og presentere tankane vi har for neste år, og vi har møtt stor interesse og begeistring for planane våre, seier Nybakk.