Hopp til innhold

Nytt byks i plastposekontigent: – Forbruket har ikkje gått nok ned

1. august kjem tiltaket som skal få ned plastposebruken med over to tredelar på halvtanna år. No må du ut med over fire kroner for ein plastpose.

Plastposar frå Kiwi og Extra

DYRARE: Butikkane må betala to kroner for plastposar frå 1. august.

Foto: Lotte Solheim Johannessen / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg tenkte eg skulle prøva å trykka varene ned i veska, for eg gløymde å ta med meg nylonposane eg pleier å ha med meg, seier Kristin Oma då NRK treff ho på handletur på Coop Extra på Bystasjonen i Bergen.

Då ho får høyra at prisen for plastposar på Coop Extra no er 4,25 kroner, blir ho overraska.

– Eg kjem nok til å vera meir nøye med å ta nylonposane i veska framover.

Kristin Oma

Kristin Oma gløymde nylonposane heime, men klarte seg likevel uten plastpose då ho småhandla tysdag føremiddag.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Derfor går prisen opp

I 2022 kjøpte nordmenn 722 millionar plastposar. Det er 132 posar per person.

Sjølv om det er 100 millionar færre enn i 2021, er det framleis for mange, ifølgje Handelens miljøfond.

Målet deira er at kvar av oss skal bruka færre enn 40 plastposar i året innan 2025.

Derfor aukar dei kontingenten medlemmane deira må betala per pose frå 1 til 2 kroner frå 1. august.

– Vil bli ein del etter kvart

Av konkurranseomsyn vil verken Norgesgruppen, Coop Noreg eller Rema 1000 kommentera kva prisen for ein pose vil bli etter 1. august.

Men at auken vil føra til prisstiging for kundane er det lite tvil om.

Tysdag føremiddag har fleire butikkar allereie sett opp prisane når NRK sjekkar:

Prisar på plastpose i butikkar i Bergen 1. aug.

Butikk

Pris

Bunnpris

4,00 kr

Rema 1000

4,25 kr

Kiwi

4,25 kr

Coop Extra

4,25 kr

Meny

4,25 kr

– Om eg ikkje kan bera varene, så blir det gjerne plastpose, seier Emil Linqvist Nødtveidt i det han nett har betalt for tre varer.

Mango, blåbær og proteinbar stod på handlelista til arsenalsupportar Emil Linqvist Nødtveidt

Emil Linqvist Nødtveidt kjøpte ikkje pose til mangoen, blåbæra og proteinbaren sin.

Foto: Lotte Solheim Johannessen / NRK

Dei trong han ikkje pose til. Men kanskje kan ein prisauke få han til å kjøpa færre posar.

– Tre kroner er greitt. Det er litt rart å betala meir enn det.

– Om ein gjer som meg, og handlar kvar dag, vil det bli ein del etter kvart. Om prisen går opp, kan det henda eg byrjar å tenkja på det, seier Nødtveit.

Marius Kvamme er butikksjef på Coop Extra på Bystasjonen i Bergen.

– Eg synest personleg det er dyrt med plastposar når dei no kostar 4,25 kroner.

Marius Kvamme, butikksjef på Coop Extra bystasjonen

Marius Kvamme er butikksjef på Coop Extra Bystasjonen. Han prøver å bruke sekk så ofte som han kan når han handlar.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Adele Bjerkgård Lybeck prøver å kjøpa færre posar. Dels for å spara pengar, dels av omsyn til miljøet.

– Eg prøver å unngå det, helst. Eg tenkjer ikkje så mykje på det, men prøver hugsa på handlenett.

Ho trur det er lurt å danna ein vane rundt det å alltid ta med seg handlenett eller sekk på butikken.

Adele Bjerkgård Lybeck på Rema 1000 i Nygårdsgaten.

Adele Bjerkgård Lybeck tykkjer plastposar er dyre allereie i dag.

Foto: Lotte Solheim Johannessen / NRK

«Ikkje usannsynleg» med prisauke

– Auken i kontingenten vil gjera at innkjøpsprisen inn til oss vil auka. Då vil det også påverka prisen i butikk, seier Kine Søyland i Norgesgruppen.

– Det ligg litt sakas natur at i og med at kontingenten aukar så er det ikkje usannsynleg at også prisen vil auka, seier Knut Lutnæs i Coop Noreg.

Ei haldningsendring vil vera essensiell i arbeidet med å senka poseforbruket, men me ser også ein stor effekt av å auka prisen på posar, seier Emilie Våge i Rema 1000.

Dei understrekar alle at dette ikkje har noko med prisstiging elles å gjera.

Har sett nedgang

Alle aktørane har opplevd nedgang i plastposesalet sidan førre kontingentauke 1. januar 2022.

– Men det har ikkje gått nok ned. Det er det som er utgangspunktet for ein ny auke, seier Søyland.

Kor mange posar trur du du kjøper i året? Både posar frå matbutikk og varehandel tel med.

– Me reknar med at reduksjonen vil bli vesentleg større framover med auka kontingent, seier Lutnæs i Coop.

Og prisauken har god effekt, ifølgje Handelens miljøfond.

– Me ser at salet av handlenett hjå medlemmane våre går opp, og me ser at andelen handlar som blir gjort utan at ein kjøper posar aukar, seier dagleg leiar Cecilie Lind.

Cecilie Lind står med armene i kors og lener seg inntil en lys trevegg. Hun har kortklipt lyst hår, har på seg sort dressjakke og grønn bluse. Bakgrunnen er uklar og lys.

Cecilie Lind, dagleg leiar i Handelens miljøfond.

Foto: Handelens Miljøfond

Haldningskampanjar og vidare auke

I tillegg til prisauken vil både fondet og butikkane gjennomføra haldningskampanjar i månadane som kjem.

– Me ser føre oss å eksponera avfallsposar på rull tydeleg og ha kampanjar på dei, slik at folk hugsar på at dei finst, seier Lutnæs i Coop.

Eit anna mogleg tiltak kan vera kommunikasjonen kassemedarbeidarane har med kundane.

– Kanskje kan dei spørja «har du med handlenett» heller enn «vil du ha pose»?

Han reknar med det vil koma reaksjonar på prisauken.

– Men me har tillit til at kundane har lyst til å bidra til redusert plastposeforbruk og ser positivt på at kontingenten til Handelens Miljøfond blir brukt til veldig viktige og gode formål.

Det er også planlagt at kontingenten for posane skal stiga til tre kroner frå nyttår.

Nye posevurderingar

– Handlenetta er mykje betre enn sitt rykte, seier Lind.

Ho viser til at kritikken som ofte kjem mot kontingentauken til fondet viser til utdaterte berekningar. Mellom anna meiner dei tala som kjem fram i ein episode av NRK-serien Folkeopplysningen frå 2018 er feil.

– Det er gjort ei oppdatert vurdering. Eit handlenett i polyester og nylon treng du berre bruka 7–8 gonger før dei er betre enn ein plastpose som blir brukt til bosspose etterpå.

For bomullsnett er talet 68, ifølgje Lind.