Hopp til innhold

Andreas si dugnadsgruppe fekk 12.000 medlemmar på eitt døgn

Medan nordmenn sit i karantene landet over, melder titusenvis av dei seg i Facebookgrupper for å hjelpe dei som treng det mest.

Initiativtaker Andreas Moe sørger for reinsleghald på jobben.

BIDRAGSYTAR: På under ei veke har grunnleggar Andreas Moe og dugnadsgruppa «Oslo hjelper Oslo» fått nesten 40. 000 medlemmar på Facebook. Liknande grupper kan ein sjå over heile landet.

Foto: Kamilla Follevåg

– Folk handlar og luftar hundar for andre. Gruppa har til og med sørga for at fleire med familie som er isolert, har fått ein mellombels stad å bu, seier grunnleggar Andreas Moe for «Oslo hjelper Oslo».

På under ei veke har Facebookgruppa hans fått tusenvis av førespurnader frå folk som vil hjelpe.

Også i andre byar er det oppretta grupper der folk bidreg med hjelp:

«Corona-hjelp Bergen», «Koronahjelpen Kristiansand» og «Trondheim hjelper Trondheim» har totalt over 65.000 medlemmar til saman.

36.000 på fem dagar

Andreas Moe laga Oslo-gruppa då han sjølv sat i karantene førre veke. Han er opprømt over den enorme oppslutninga gruppa har fått.

– Etter under eit døgn var det 12.000 medlemmar, og no medan me prata har det gått frå 35. til 36.000. Det er heilt enormt korleis folk er på tilbodssida, seier han.

No håpar han at gruppa vil bestå også etter at krisa har roa seg.

– Eg trur den kan gjere nytte for seg seinare også. Det er mange einslege der ute som ikkje kjem seg ut sjølv. Då kan ei slik side vere god å ha, slik at vi kan fortsette å ta vare på kvarandre, seier han.

Ville hjelpe – enda med å få hjelp sjølv

Christine Nøkleby frå Loddefjord er medlem av «Corona-hjelp Bergen», som har over 15.000 medlemmar.

Ho vart eigentleg med i gruppa fordi ho ønskte å vere på tilbodssida for dei som trengde det.

Bergen hjelper Bergen

POPULÆRT: Bakgrunnsbiletet til «Corona-hjelp Bergen». Facebookgruppa har over 15. 000 medlemmar.

Foto: Beathe Haaland

Då ho sjølv fekk symptom, vart både ho og familien sette i karantene.

– Då eg skreiv på gruppa at eg trengde hjelp til å handle. fekk eg rask respons. Det er i slike tider ein ser kor ein har kvarandre., seier ho.

– Sit langt inne

I gruppa «Sogndal hjelper Sogndal» har kring 2500 medlemmar til no meldt seg inn. Det svarar til over ein femtedel av innbyggjarane i kommunen.

Men sjølv om mange melder seg til teneste, er det relativt få i bygda som til no har bede om hjelp.

Det hindra ikkje Jenny Strømnes i å be om hjelp til å lufte hunden, då ho sjølv hamna i karantene.

– To personar ringde momentant. Så no får hunden gått masse på tur, seier ho.

Jenny Strømnes og hunden Villemo

GLAD FOR HJELP: Jenny Strømnes saman med hunden Villemo på tur saman, før karantenetida.

Foto: PRIVAT

Strømnes trur mange kvir seg for å ta steget og be om hjelp.

– Ein kjenner nok at det er flaut å leggje det ut offentleg. Kanskje ein skulle hatt moglegheita til å gjere det på ein meir anonym måte. Uansett er tiltaket gull verdt.