Hopp til innhold

Du store alpakka!

HAFSLO (NRK): Bebuarane på Hafslo omsorgssenter fekk ein førjulspresang litt utanom det vanlege.

Jenny Slinning med alpakka

UVANLEG BESØK: Jenny Slinning leiar ein alpakka inn på Hafslo omsorgssenter til stor glede for bebuarane.

Foto: Christian Blom / Sogn Foto og Design AS

To alpakkaer fekk nemleg kome heilt inn i stova. Det var eit uvanleg syn for alle bebuarane ved Hafslo omsorgssenter.

– Eg såg korleis andleta deira lyste opp. Dei blei kvikkare i blikket, seier Lindis Alme, som tok initiativ til det uvanlege besøket.

Alme driv hotellet BesteBakken i Luster. På beitet utanfor får turistane klappe alpakkaer.

Tysdag var Alme ute på tur med alpakkaene sine og Jenny Slinning, som er guide ved hotellet. Då dei kom til Hafslo omsorgssenter bestemte dei seg for å ta ein svipptur innom. Bebuarane blei svært begeistra for dyra og gjekk bort til vindauget for å helse på dei.

Alpakkabesøk på Hafslo Omsorgssenter

STOR STAS: Lindis Alme (i raud anorakk) var initiativtakar til besøket.

Foto: Christian Blom / Sogn Foto og Design AS

Dagen etter det tilfeldige besøket ringde Alme til leiaren ved omsorgssenteret, Ruth Karin Kvam. Ho spurde om ho hadde fått med seg at bebuarane hadde fått møte alpakkaer.

– Om eg har høyrt om det? Dei har ikkje snakka om noko anna enn alpakkaer, sa Kvam.

Dei avtalte at Alme skulle komme tilbake med alpakkaene på fredag, slik at alle bebuarane ved omsorgssenteret fekk sjansen til å treffe dei og få litt betre tid saman med dyra.

Kyss, klapp og klem

Alme og Slinning hadde med seg kraftfôr som dei eldre kunne få mate dyra med.

– Det var veldig kjekt. Vi såg kor mykje det betydde for dei eldre og få eit så nært møte med dyra. Det var jo ekstra spesielt med alpakkaer, seier Kvam.

Det er første gong dei har besøk av dyr på omsorgssenteret. Kvam trur dyra kan vere med på å betre den mentale helsa til bebuarane.

– Mange av dei som bur her er vande med å ha dyr. Sjølvsagt ikkje alpakka, men kyr eller mindre dyr. Når vi spurde om dei ville mate eller klappe dyra hadde dei veldig lyst til det.

Alpakkabesøk på Hafslo Omsorgssenter

EIT NÆRT MØTE: Dei eldre fekk mate dyra med kraftfôr og klappe dei.

Foto: Christian Blom / Sogn Foto og Design AS

– Alpakkaene var snille og sosiale. Dei ville helst ha eit kyss av bebuarane, seier ho og ler.

Før besøket ringde Alme rundt til ulike butikkar både i Sogndal, Gaupne og Hafslo og spurde om å få sponsa nokre gåver til dei eldre.

– Vi hadde med oss Twist, klementinar og peparkaker som vi delte ut, i tillegg til ein gåvesekk med sokkar og julestjerner, fortel ho.

Håpar på fast førjulstradisjon

Jenny Slinning studerer friluftsliv i Sogndal. I sommar kom ho i kontakt med Lindis Alme, som trengde ein ny guide til gjestane ved hotellet.

Alpakkabesøk på Hafslo Omsorgssenter

NYSGJERRIGE DYR: – Alpakkaene er nysgjerrige dyr og vil helst lukte folk i ansiktet og kysse dei, fortel Jenny Slinning.

Foto: Christian Blom / Sogn Foto og Design AS

– Ho har åtte alpakkaer, og vi begynte å tenke på kva vi kunne bruke dei til. Vi vil drive alpakkavandring med turistar, fortel ho.

Slinning synest det var stas å kunne glede dei eldre i førjulstida.

Det var stor suksess. Vi håpar dette kan bli ein fast førjulstradisjon, avsluttar ho.