– I juni, juli og august er det nærmast fullt mange stader. Enkelte stader går salet av seg sjølv, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.
For første gong har norske hotell registrerte over 3,1 millionar overnattingar i juli månad.
Det er det høgaste talet nokosinne.
Om ein tek med tal frå campingplassar, vandrarheimar og hyttegrender var det nasjonale talet 6,2 millionar overnattingsgjester. Auken frå i fjor er 13 prosent.
Droppar marknadsføring
For destinasjonsselskapet Fjord Norge, som marknadsfører dei fire vestlandsfylka, har oppgangen i juli vore oppsiktsvekkjande.
Meir enn ein tredjedel av dei to millionar utlendingane som vitja Noreg i juli la turen til Vestlandet. Veksten var på 16,2 prosent.
– Etter mine åtte år i jobben har eg aldri sett ein sånn vekst, seier Jørgensen.
No vil Fjord Norge endra marknadsstrategien.
– Frå neste år driv me ikkje særleg marknadsføring av Vestlandet som sommardestinasjon.
For frå mai til august går salet av hotellrom og opplevingar på Vestlandet nærast av seg sjølv. Difor kjem ikkje Fjord Norge til å bruka pengar på å selja irgrøne fjordlandskap i glitrande sol.
– Fleire fjordhotell har meldt om hundre prosent dekning. Slikt er nesten umogleg, konstaterer reiselivsdirektøren.
Han vil i staden dreia fokuset over på heilårsturisme og Noreg som vinterdestinasjon.
– Treng framleis auka sommartrafikk
Reiselivsdirektør Ove Warberg i Bergen Reiselivsråd melder om ein fruktbar turistsesong så langt. Hordaland hadde 11 prosent fleire utanlandske overnattingsgjester i juli i år. Ifølgje Warberg ser også august og september svært lovande ut.
- Les også:
Men trass gode sommartal, deler han ikkje Jørgensen sin betraktningar om sommarsesongen.
– Det er ingenting som sel seg sjølv. At me må satsa meir på skuldersesongane i april og oktober er det ikkje tvil om, men me må ha fokus på at Noreg treng auka trafikk frå mai til september. Byar som Bergen og Stavanger har mykje å gå på, seier Warberg.
Vil selja haustluft og kulde
Men for regiondirektøren i Fjord Norge er det haustfargar og puddersnø som gjeld framover. Sommarbileta på internett og i utanlandske reisekatalogar skal tonast kraftig ned.
– Me vil styrka satsinga på opplevingar i skuldersesongane, og endra måten me visualiserer fjordane på. Me vil gå vekk frå dei tradisjonelle bileta av norsk natur.
- Les også:
Jørgensen trur ikkje det vil verta problematisk å selja snø og kulde. Han trur det tvert om kan verka forlokkande på turistar frå varmare strok.
– Mange av dei som kjem til Noreg lever i tropestrok heile året. For dei er dette tiltalande. Finst det noko betre i verda enn frisk, norsk haustluft?
Frå nedbørsrekord til turistrekord
Nedbørsrekordane har stått i kø over Vestlandet og Bergen, men det har ikkje skremt vekk turistane.
- Les også:
Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har hatt 1,4 millionar overnattingar i år. Litt over halvparten er utlendingar.