Hopp til innhold

– Norge er eit lite land med stor kaffikultur

FLORØ (NRK): Khalouf Almoadal frå Syria drøymer om å starte eige kaffibrenneri. Takka vere eit nytt gründerkurs kan draumen snart bli verkelegheit.

Khalouf Almoadal frå Syria drøymer om å starte eige kaffibrenneri. Takka vere eit nytt gründerkurs kan draumen snart bli verkelegheit.

FRAMTIDIG KAFFIGRÜNDER: Khalouf Almoadal tek seg tid til ein kaffikopp på kafé før han skal vidare på kurs. Om nokre år kan det kanskje vera kaffi frå eige kaffibrenneri i koppen.

– Eg likar å drikke kaffi saman med folk, og det verkar det som nordmenn gjer òg. Alle tek seg tid til ein kaffikopp uansett kor travel kvardagen er, seier Khalouf Almoadal.

Han kom frå Syria som flyktning saman med familie for to år sidan, og bur no i Florø. Almoadal har blitt glad i kystbyen, og ønsker å gje Florøværingar smaken av internasjonal kaffi.

– Eg trur folk her hadde likt å handle på eit kaffibrenneri med stort utval frå forskjellige land.

Almoadal er òg oppteken av at han ønsker å skape fleire moglegheiter for innbyggarane i byen.

– Eit kaffibrenneri vil skape jobbmoglegheiter for fleire enn meg, sidan det vil vera bruk for tre-fire tilsette.

Khalouf Almoadal og Sam Holst på gründerkurs på Innvandrarsenteret i Florø

VIL JOBBE: Sam Holst (t.v.) er ein av dei som òg deltek på gründerkurset. Han drøymer om å starte tolketeneste. – Eg er glad for at me har kurset. Eg gler meg til å starte eiga verksemd og byrje å jobbe, seier Holst.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Skape eigne jobbar

Familiefaren frå Syria er no eitt steg nærare å realisere draumen om eige kaffibrenneri, mykje grunna gründerkurset i Florø. Slike kurs finst fleire stadar i landet, og kommunar kan få tilskot frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet for å starte det.
I Florø er kurset eit samarbeid mellom næringslivsfirmaet Aksello og Innvandrarsenteret i Flora.

– Me ville vise fleire måtar å kome inn i arbeidslivet. Mange innvandrarar har kompetanse frå arbeid i heimlanda sine som dei burde få bruke i Norge, seier rådgjevar ved Innvandrarsenteret, Silje Jansen Nybø.

Silje Jansen Nybø på innvandrarsenteret

BRUKE KOMPETANSEN: Silje Jansen Nybø ved Innvandrarsenteret håpar fleire innvandrarar kan få vidareutvikle arbeidskompetansen sin.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Målet å gjere deltakarane i stand til å bruke tilboda som finst for alle som ønsker å starte som gründerar. Slik kan dei skape sitt eige arbeid, seier Heidi Felle, prosjektleiar og rådgjevar i Aksello.

På kurset går dei gjennom alt ein treng å vite for å starte opp si eiga verksemd. Ifølge kurshaldar Allan Madsen får dei gode tilbakemeldingar frå kursdeltakarane. Han trur mange vil lukkast som gründerar.

– Mange av idèane går fint an å få realisert. Eg trur det er mange som kjem til å få det til.

Silje Jansen Nybø, Allan Madsen og Heidi Felle på Innvandrarsenteret i Flora

SAMARBEID: (f.v.) Silje Jansen Nybø, Allan Madsen og Heidi Felle er teamet bak gründerkurset i Florø. – Me håpar fleire kan skape eigne arbeidsplassar, seier Heidi Felle, rådgjevar i Aksello.

Foto: Steinar Lote / NRK

Frå kjemi til kaffi

– Kurset har vore viktig for mange. Det er mykje byråkrati i Norge. Det hadde vore vanskeleg å finne ut av alt på eiga hand, seier Khalouf Almoadal.

Sjølv om han opphavleg har utdanning innan kjemi, og arbeidserfaring som lærar, gler han seg no til å starte kaffibrenneri.

– Heime i Idlib i Syria dreiv far min og brørne mine kaffibrenneri, så eg har erfaring med det. Eg håpar òg å kunne jobbe litt som lærar ved sidan av.

Almoadal har nemleg jobba hardt for å lære norsk, og etter eitt år på norskkurs jobbar han no litt som norsklærar på Innvandrarsenteret.

– Eg elskar å undervise, men no ønsker eg å forsøke å starte eiga verksemd. Eg håpar eg klarar det.