Hopp til innhold

Her meiner politiet at drapa skjedde – ny mann drapssikta i Bergen

POLITIHUSET I BERGEN (NRK): Politiet har sikta ein fjerde person for drap eller medverknad til drap etter dobbeltdrapet i Arna. Politiet utelukkar ikkje fleire arrestasjonar.

Politeit tror Møllendalsveien er åstedet for dobbeltdrapet i Bergen

ÅSTAD: Det er i dette hospitset i Møllendalsveien at politiet trur drapa skal ha skjedd. To av dei sikta blei arresterte her. Den siste og fjerde drapssikta blei pågripen i Bergen sentrum fredag.

Foto: Christian Lura / NRK

Den femte arresterte mannen i dobbeltdrapssaka i Arna blei pågripen utan dramatikk i Bergen sentrum fredag ettermiddag.

På ein pressekonferanse klokka 17 opplyste politiet at også han, ein mann i 30-åra, er sikta for drap eller medverknad til drap.

Dermed er til saman fire menn sikta for deltaking i dobbeltdrapet.

PRESSEKONFERANSE: Sjå politiet sin siste oppdatering om etterforskinga av dobbeltdrapet.

Stadfestar kor dei trur offera blei drepne

– Pågripinga skjedde i Bergen sentrum og var heilt utan dramatikk, seier påtaleleiar Inger-Lise Høyland i politiet til NRK.

Mannens forsvarar, Erik Ulvesæter, vil fredag kveld ikkje svara på om han har fått snakka med sin klient.

– Eg ønskjer ikkje kommentera denne saka no, seier Ulvestæter til NRK.

Politiet opplyser at mannen skal avhøyrast fredag kveld eller laurdag føremiddag. Det er ikkje bestemt om mannen skal framstilliast for fengsling.

Ein femte person er sikta for å ha medverka til å øydeleggja bevis.

For første gang stadfesta politiet at deira hovudteori er at drapa skal ha skjedd i Møllendalsveien.

Det er på denne adressa, i tillegg til eit kommunalt bustadkompleks i Arna, at politiet har gjort omfattande krimundersøkingar dei siste dagane.

– Ein av politiet sine hovudteoriar er at drapet skjedde i Møllendalsveien. Dei tekniske undersøkingar på adressa føregår gjennom helga, seier politiadvokaten.

Møllendalsveien undersøkelser dobbeltdrapssaken i Bergen

ÅSTAD: Politiet var allereie måndag føremiddag, før drapsfunna ved Osevatn var gjort, på plass på denne adressa for å følga opp eit anna oppdrag.

Foto: Christian Lura / NRK

Har fått inn over 80 tips

Politiet vil enno ikkje utelukka fleire arrestasjonar.

– Saka er så stor og det er så mange involverte at ting enno er uavklara. Difor kan me ikkje utelukka at fleire personar kan ha vore involverte, seier Høyland til NRK.

Etterforskinga vil halda fram med stor styrke gjennom helga. Så langt har politiet fått inn over 80 tips i saka og tatt over 40 vitneavhøyr.

– Me er framleis interesserte i observasjonar som er gjort i tidsrommet laurdag 11. januar til måndag 13. januar.

Funnstedet i Mindefossen like ved Osavatnet

FUNNSTAD: På nedsida av denne brua, under Mindefossen ved Osavatnet, blei dei døde funne måndag.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Funne drepne i elv

Det var måndag at ei kvinne (29) og ein mann i 40-åra vart funne drepne i ei elv ved Osavatnet i det populære turområdet ved Gullfjellet.

Politiet sin teori er at drapa har skjedd ein annan stad og at offera er dumpa på funnstaden.

To adresser i Bergen sentrum og i Arna bydel har vore sentrale i politiet sine undersøkingar, men politiet har så langt ikkje stadfesta kor dei meiner drapa har skjedd.

Alle dei involverte kjenner kvarandre, ifølge politiet. Dei fire første sikta er alle tidlegare straffedømde.