Hopp til innhold

Djabrail (6) er livstrugande skadd etter feilmedisinering på sjukehuset

HAUKELAND (NRK): No kjempar familien for at guten skal bli halden i live. – Det som ikkje skal skje, har skjedd, seier sjukehusdirektøren.

Jabrail

FEILMEDISINERT: Seks år gamle Djabrail hadde fått operert vekk ein kreftsvulst, og var på Haukeland universitetssjukehus for å få cellegiftbehandling. Biletet er teke like før behandlinga.

Foto: Privat

Den kreftsjuke seksåringen Djabrail hadde fått operert vekk ein kreftsvulst, og den opphavleg tsjetsjenske familien hadde tatt turen frå Austlandet til Haukeland universitetssjukehus i Bergen for at guten skulle få oppfølgjande cellegiftbehandling.

Men i staden for å gjera guten friskare frå kreften, gjorde behandlinga han brått livstrugande skada.

Årsaka var det Helsetilsynet kallar ein mistenkt svikt i helsehjelpa på Haukeland i førre veke.

– Guten fekk cellegift han skulle hatt i ein blodåre, sett i hjernen. Dette er ei svært alvorleg hending, seier fylkeslege Helga Arianson til NRK.

– Dette er ein veldig vanskeleg situasjon for familien. Vi vil berre at det skal gå bra med Djabrail, seier Aslan Emzeev, som er ein slektning av familien.

La fram krav

Når NRK møter Emzeev på sjukehuset søndag kveld har familien akkurat vore i møte med leiinga.

– Vi har hatt eit konstruktivt møte med sjukehuset, der vi har lagt fram tre punkt som vi vil at sjukehuset skal oppfylla. Det skal vi få svar på i løpet av eit døger. Meir kan eg ikkje seie akkurat no, seier Emzeev.

Foreldra til seksåringen vil førebels ikkje uttale seg om saka.

Aslan Emzeev

STØTTE: Aslan Emzeev er ein slektning av far til seks år gamle Djabrail. No prøver han å hjelpe familien.

Foto: Elise Angell / NRK

Seks år gamle Djabrail hamna i kunstig koma. Etter at hendinga fann stad 22. august, har familien berre hatt eitt fokus: Å få guten frisk att.

Men i staden har dei opplevd at sjukehuset har ønskt å kopla Djabrail frå respiratoren, fordi det ikkje er håp om at han skal overleva, ifølgje familien.

Dei har fått opplyst at det er hjerneaktivitet hjå seksåringen, og reagerer på det dei meiner er mangel på grunnlag for å kopla han ifrå respiratoren.

Legen er sjukemeld

– Det som ikkje skal skje, har skjedd, og det er urovekkande for oss som sjukehus. Vi har gjort ein feil som har fått alvorlege konsekvensar for pasienten. Det beklagar vi på det sterkaste, seier administerenade direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.

Han fortel at sjukehuset har vore i fleire møte med familien, og fokuserer på å følgje dei opp.

– Dette er ein alvorleg situasjon spesielt for dei pårørande, men også for medarbeidarar som har vore involvert. Den aktuelle legen er sjukemeld, men vi følgjer opp både vedkommande og anna personell.

Eivind Hansen

BEKLAGAR: Direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, seier sjukehuset no skal gå gjennom rutinane sine. – Her skjer det som ikkje skal skje, og det er urovekkande.

Foto: Elise Angell / NRK

– Korleis kan noko slikt skje?

– Det er ein feil som absolutt ikkje skulle skjedd. Helsetilsynet skal no gå gjennom saka, og vi ventar på rapporten dei vil kome tilbake med, seier Hansen.

Sjukehuset vil no gå gjennom rutinane for å unngå at noko slikt skjer i gjen.

– Vi ser på moglege justeringar av rutinar, og må finne ut om det kan vere snakk om menneskeleg svikt. Truleg vil Helsetilsynet finne svar på dette.

Helsetilsynet granskar

Helsetilsynet har starta gransking av saka. 28. august var eit team frå undersøkingseininga på sjukehuset. Tilsynet skal no laga ein førebels rapport.

– Hendinga var ein alvorleg livstrugande skade på eit barn etter ein feilmedisinering i samband med cellegiftbehandling. Etter innleiande undersøkingar kom det fram opplysningar som gav mistanke om svikt i helsehjelpa, seier avdelingsdirektør Brynhild Braut.

«Vi kan bekrefte at vi har en pågående tilsynssak. Det dreier seg om en hendelse på Barne- og ungdomsklinikken som vi umiddelbart varslet Helsetilsynet om», sa klinikkdirektør Britt Skadberg i ein e-post frå Helse Bergen si kommunikasjonsavdeling til NRK laurdag.

Grunna teieplikta kan ho førebels ikkje uttala seg ytterlegare.