Hopp til innhold

Fleirtalet i Høgre vil ha E39 via Stryn

Fleirtalet av Høgre sine fylkestingsrepresentantar vil at E39 gjennom Nordfjord i framtida skal gå via Stryn. Noralv Distad vil derimot ha vegen via Anda-Lote.

Noralv Distad

ANDA-LOTE: Gruppeleiar for Høgre i Fylkestinget, Noralv Distad er blant mindretalet av partiet sine representantar. Han vil at E39 i framtida skal krysse Nordfjorden via Anda-Lote.

Foto: pressefoto, Høgre

På eit høyringsmøte i går bestemte Høgre seg for å stille sine fylkestingsrepresentantar fritt når Fylkestinget i slutten av januar skal stemme over kor stamvegen skal gå gjennom Nordfjord i framtida.

Statens vegvesen la i haust fram sitt forslag der dei meiner det beste og billegaste alternativet går via Stryn. Medan fylkesrådmannen har støtta opp om forslaget har fleire sentrale politikarar og ei rekkje kommunar protestert og i staden meint at Anda-Lote er det beste alternativet.

I Høgre er fylkestingsgruppa delt nesten på midten.

– Etter eit høyringsmøte onsdag kveld vart det tydeleg at fylkestingsgruppa er delt. Fire av fylkestingsrepresentantane vil røyste for indre line, via Stryn. Medan tre representantar vil stemme for midtre løysing, nemleg bruløysinga Anda-Lote, seier gruppeleiar for Høgre i Fylkestinget, Noralv Distad.

Dei fire som vil stemme for E39 via Stryn er Bjørn Hollevik (Florø), Ole Gunnar Krakhellen (Solund), Frida Melvær (Askvoll) og Arve H. Mjømen (Gulen). Saman med Distad (Aurland) stemmer også Olin Johanne Henden (Gloppen) og Liv Stave (Selje) for alternativet med bru over Nordfjorden der det i dag går ferje mellom Anda og Lote.

Vi har ein praksis for å ikkje binde gruppa i slike saker når det ikkje står noko heilt tydeleg i partiprogrammet, seier Distad.

Frå før har Framstegspartiet og Venstre sagt at dei vil gje representantane sine høve til å velje fritt mellom Anda-Lote og Stryn.