Hopp til innhold

Difor kranglar dei om bordinga av Gaza-skipet

– Brot på folkeretten, seier aktivistane som blei arresterte av israelsk marine. – Lovleg, seier Israel om at dei stoppa båten «Kårstein» i internasjonalt farvatn. Kven har rett?

Fiskebåten Kårstein

BLOKADE: Båten «Kårstein» ville bryte den israelske blokaden, men blei stoppa i internasjonalt farvatn.

Foto: Annika Sander

Søndag blei «Kårstein», som var på veg til Gaza, stansa av den israelske marinen i internasjonalt farvatn utanfor Gazastripa. Sidan då har ordkrigen mellom aktivistane og støttespelarane deira og israelske myndigheiter gått fram og tilbake.

Usemja går både på om Israel hadde rett til å stoppe båten i internasjonalt farvatn, og om dei hadde lov til å bruke makt mot aktivistane.

Blant aktivistane var Mikkel Grüner, bystyremedlem for SV i Bergen. Då han kom tilbake Noreg torsdag kveld, etter tre døgn i israelsk fengsel, var han klar på at han meinte bordinga var ulovleg.

Også maktbruken er han sterkt kritisk til.

– Vi blei utsette for ein massiv brutalitet. Kapteinen vår Herman Reksten, blei skalla ned då han nekta å starte maskina, fortalde Grüner.

Mikkel Grüner tilbake i Noreg

ULOVLEG: Aktivist Mikkel Grüner meiner både bordinga og maktbruken var ulovleg.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Kan Israel stoppe båtane?

Eit av måla til aktivistane var å bryte blokaden Israel har innført. Båten hadde også med medisinsk utstyr.

Israels ambassadør Raphael Schutz

LOVLEG: Israels ambassadør Raphael Schutz meiner bordinga av «Kårstein» var lovleg.

Foto: NRK

– Då dei var i ferd med å bryta ein anerkjend og lovleg marin blokade, blei dei bedne om å stansa. Det nekta dei å gjera, og følgeleg blei båten borda av israelske marinesoldatar, sa ambassaderåd Dan Poraz ved den israelske ambassaden i Noreg.

Israels ambassadør til Noreg, Raphael Schutz, stadfesta seinare ovanfor NRK at det hadde blitt brukt elektropistol mot aktivistane.

– Marinen brukte ikkje vald, dei brukte makt. Dei brukte eit minimum av det dei måtte bruke, på grunn av motstanden frå aktivistane, sa Schutz.

To sentrale spørsmål

NRK har bede to folkerettsjuristar, Mads Harlem og Gro Nystuen, om å svare på to sentrale rettslege spørsmål rundt hendinga.

1. Kan Israel borde eit skip i internasjonalt farvatn?

– I internasjonalt farvatn eig ingen statar havet, og dei har difor berre avgrensa jurisdiksjon, altså få høve til å gripe inn på denne måten, forklarar Mads Harlem.

Eitt av unntaka er ved ein væpna konflikt.

Mads Harlem

FOLKERETT: Mads Harlem er jurist og har jobba med folkerett i Røde Kors.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

– Skip som er på veg inn i eit område der det er ein væpna konflikt, kan bordast av statane sjølv om det er snakk om sivile skip og dei er i internasjonalt farvatn.

– Den folkerettslege statusen til Gaza er at området er okkupert og det er ein væpna konflikt mellom israelske myndigheiter og Hamas, seier Harlem.

Ein slik væpna konflikt blir regulert av Genèvekonvensjonane.

Om ein legg til grunn at Gaza er okkupert, tillèt folkeretten ein sjø-blokade, forklarar Gro Nystuen.

– Det gjeld uavhengig av om sjølve okkupasjonen er lovleg eller ikkje.

– Når blokaden er etablert, er det reglar ein må følgje. Staten som har oppretta blokaden må til dømes syte for at mat og medisinsk utstyr kjem inn til det okkuperte området, seier Nystuen.

Israel grunngjev blokaden med at dei må hindre leveransar av våpen og militært utstyr. Dei vil heller ha naudhjelp inn landevegen.

– Det har dei rett til å regulere, slik eg les folkeretten, seier Mads Harlem.

2. Kan Israel bruke makt mot aktivistane?

– Ein skal kunne handheve ein blokade, og det er i utgangspunktet tillate å stoppe og inspisere sivile skip, som i dette tilfellet. Men Israel har berre rett til å bruke makt mot demonstrantar innanfor rammene av deira politi-myndigheit. Dei har ikkje rett til å bruke militære maktmiddel mot demonstrantane, seier Gro Nystuen.

Gro Nystuen byline

FOLKERETT: Gro Nystuen er advokat og folkerettsekspert og jobbar på Nasjonal institusjon for menneskerettigheter.

Mads Harlem er samd i at Israel har avgrensa høve til å bruke makt mot eit sivilt skip.

– Sjølv om personane på skipet set seg til motverje skal ein berre bruke minimalt med makt.

Han seier det er vanskeleg å slå fast om maktbruken var lovleg, om ein ikkje veit nøyaktig kva som skjedde.

– Israelarane kan ta kontroll over skip som nektar å følgje ordre, men det er vanskeleg å sjå at dei har lov til å bruke makt mot enkeltpersonar om bord.

At det er blitt brukt elektrosjokkvåpen mot aktivistane, meiner han vanskeleg kan forsvarast av Israel.

– Då måtte enkeltpersonar ha gått fysisk til angrep på israelske soldatar. Etter folkeretten er det ingen tvil om at sivile skip og sivile personar skal vernast, med mindre dei deltek direkte i fiendtlege handlingar.

Familie og venter ventar på Mikkel Grüner

TILBAKE: Familie og vener hadde møtt opp på Flesland då Mikkel Grüner kom tilbake frå Israel.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Uviss effekt

Gro Nystuen summerer opp aksjonen slik:

– Om ein ynskjer å stoppe brot på krigens folkerett, til dømes ulovleg praktisering av ein blokade, er neppe sivil ulydnad særleg godt eigna, meiner Gro Nystuen.

– Men denne typen aksjonar er godt eigna til å rette søkelyset på dei håplause forholda for folk i Gaza.