Norsk båt på veg til Gaza bekrefta borda av israelsk marine

Ein talsperson for militæret i Israel bekreftar at marinen har kontroll over den norske fiskebåten Kårstein. Dei 22 aktivistane om bord er truleg arresterte.

Fiskebåten Kårstein

TEKEN AV ISRAELSK MARINE: Kårstein var på veg til Gaza.

Foto: Annika Sander

Det var sundag ettermiddag den norskregistrerte båten, som er døypt om til «Al Awda», vart borda i internasjonalt farvatn.

Båten var på veg til Gaza som ein del av ein internasjonal aksjon mot Israels blokade.

Om bord var 22 aktivistar, deriblant SV sin bystyrerepresentant i Bergen, Mikkel Grüner.

– Det siste vi høyrde frå dei var at dei hadde fått åtvaringar frå israelsk marine via VHF-radio der dei vart truga med konsekvensar om dei heldt fram. Deretter observerte mannskapet fire israelske krigsskip, og sidan vart all kommunikasjon stengd av, fortel leiar for Ship to Gaza Norway, og tidlegare Raudt-politikar Torstein Dahle.

– Heilt absurd

Torstein Dahle

TORSTEIN DAHLE: Den tidlegare Raudt-politikaren er leiar for organisasjonen Ship to Gaza Norway.

Foto: Ingar Haug Steinholt

Dahle meiner det er merkeleg at israelske myndigheiter oppfattar fiskebåten som ein trugsel.

– Eg synest det er spesielt at ein fredeleg fiskebåt skal vere ein trugsel mot Israel. Det er jo heilt absurd, seier han.

No er han uroa for korleis aktivistane og mannskapet på båten vert behandla.

– Eg fryktar jo at dei har nytta elektrosjokkpistolar. Det kan gå brutalt føre seg, så det er klart at eg er redd.

Truleg vil ikkje dei reisande sjå att «Al Awda meir» etter denne hendinga.

– Å miste ein båt er berre ein bagatell samanlikna med kva folk i Gaza vert utsette for, seier Dahle.

Ikkje uroa

Sara Bell

SAMBUAR: Sara Bell er sambuar med SV-politikar Mikkel Grüner.

Foto: Sidsel Hjelme / Fagbladet

– Eg hadde blitt overraska dersom båten ikkje hadde blitt kapra, fortel leiar i Fagforbundet i Bergen og Grüner sin sambuar, Sara Bell.

«Al Awda» skal ha blitt truga av fleire israelske krigsskip, og vert no truleg taua inn til hamnebyen Ashdod i Israel. Der vil aktivistane truleg hamne i fengsel.

Likevel er ikkje Bell uroa.

– Dei er erfarne fredsaktivistar, og ingen er væpna. Tidlegare aksjonar har vist at dei får røff behandling, men ingen har blitt alvorleg skadd sidan 2010, fortel ho.

Sommaren 2010 vart nemleg ni personar drepne av israelske soldatar då skipet «Mavi Marmara» forsøkte å bryte blokaden for å ta seg inn i Gaza.

Bell er tydeleg på at dei norske myndigheitene må på bana.

– Regjeringa og utanriksministeren må fordømme desse handlingane og krevje at aktivistane vert lauslatne, seier ho.

Norsk fiksebåt til Gaza

KÅRSTEIN: Den 19 meter lange trebåten reiste frå Bergen i mai i år.

Foto: Ship to Gaza Norway

Lysbakken reagerer

«Al Awda» la ut frå kai i Bergen 1. mai i år.

Båten er ein del av ein større flotilje, men fleire båtar frå mellom anna Canada, Hellas, Italia, New Zealand, Spania og USA. Om bord har dei med seg medisinsk utstyr til sjukehusa på Gaza. Meininga var og å donere fiskebåten dei reiser med til palestinske fiskarar.

Gruppa ynskja å bryte blokaden av Gaza med fredelege middel.

– Det er heilt uakseptabelt at fredelege aktivistar som protesterer mot ein brutal og ulovleg blokade vert arresterte. No forventar eg at den norske regjeringa seier tydeleg ifrå til Israel, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han fortel at partiet følgjer nøye med på kva som skjer vidare.

– Mikkel Gruner har reist med vår fulle støtte, det er viktig og riktig å rette verdas merksemd mot uretten folket på Gaza vert utsette for.

Prosjektet har fått støtte frå lokale avdelingar i Fellesforbundet, Fellesorganisasjonen, Fagforbundet, EL og IT Forbundet, Postkom, Norsk Folkehjelp og LO i Bergen og omland.

UD fylgjer saka

Utanriksdepartementet har bede israelske styremakter klargjere kva som har skjedd med Kårstein og mannskapet om bord.

– Vi vil kome tilbake til ei vurdering av situasjonen når status og hendingsforløp er bekrefta, seier kommunikasjonsrådgjevar Frode Overland Andersen.

– Båtane til Gaza er eit uttrykk for frustrasjonen mange føler over den vanskelege stoda i området. Samstundes er forsøk på å bryte blokaden farleg. Norske styresmakter har derfor på førehand sterkt fraråda dette.