Hopp til innhold

Difor kan prosjektet vere liv laga

IT-journalist meiner internasjonale storaktørar som IBM og Rittal er eit godt teikn for datalagringssatsinga til Lefdal Mine Datacenter.

Skisse over Lefdal gruve slik den skal sjå ut

STORT OMFANG: Slik kan Lefdal gruve bli sjåande ut med containarar med serverracks i store fjellhallar.

Foto: Nordwest3D

– Dei har jobba i mange år, møtt mykje motstand med finansieringa undervegs, men no har dei fått drahjelp frå ein IT-gigant som IBM – og ein storspelar med på laget på eigarsida. Det tyder på at det kan gå vegen, seier Espen Zachariassen.

Han har over tid følgt utviklinga i Lefdal gruver som journalist i digi.no, og meiner dei internasjonale gigantane er eit kvalitetsstempel for prosjektet i Nordfjord.

– Det kan vere avgjerande for at dei skal lukkast. For når dei får drahjelp av IBM, og utanlandske interesser kjøper seg inn, er det teikn på seriøse planar.

Har kapasitet på 200 - men startar med 30

Lefdal Mine Datacenter presenterte tysdag starten på bygginga av det dei meiner kan bli det største datasenteret i Europa.

Gamle gruvegangar som ikkje lenger er i bruk, skal no nyttast til å lagre containarar med serverracks. Med fullt utbygt anlegg kan dei ha ein kapasitet på 200 megawatt. Men dei startar i det små. I første omgang er det snakk om ein kapasitet på 30 megawatt og ei investering på 250 millionar kroner.

– Når vi er oppe og går med full aktivitet, har eg stor tru på at vi har skapt 100 arbeidsplassar direkte eller indirekte, seier aksjonær Sindre Kvalheim i Local Host.

Mats Andersson og Sindre Kvalheim i Lefdal Gruve

STOR DAG: Mats Andersson og Sindre Kvalheim la tysdag fram store planar for oppstart av datalagring i Lefdal gruve. Med på laget er mellom andre IBM og Rittal.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Usemje om kor mange arbeidsplassar det kan bli

Zachariassen meiner det er vanskeleg å stipulere kor mange arbeidsplassar ein faktisk kan ende opp med i det lange løp.

– Pessimistane meiner at eit datasenter gir lite lokale ringverknander, fordi det er berre maskiner som surrer og går. Så skal nokre personar inn og berre byte hardware og sikringar, og syte for straum og fibersamband. Optimistane meiner på si side det gir veldig god avkasting for lokalt arbeidsliv, seier han.

– Men eg veit at Local Host skal jobbe med å skape arbeidsplassar, legg han til.

IBM flyttar inn som leigetakar når datasenteret etter planen er oppe og går i august 2016. Rittal har gått inn på eigarsida med 33 prosent av prosjektet. 50,7 prosent er eigd av lokale investorar i Måløy, medan Sogn og Fjordane Energi eig resten.

Skisse over framtidas Lefdal gruve

DATALAGRING: Prosjektet til Lefdal Mine Datacenter er i ferd med å bli realisert.

Foto: Nordwest3D

Utfordringane er logistikk og avgiftspolitikk

Men det er usikkerheitsmoment. Olje- og energiminister Tord Lien varsla tysdag at regjeringa vil føreslå avgiftskutt for denne typen næring i neste års statsbudsjett – men det er ei politisk sak.

– Dersom nye regjeringar motarbeider dette og skrur avgifta opp att, kan norske datasenter fort bli for dyre for utannlandske kundar. Ein anna ting er fiberkapasiteten inn og ut av Norge. Her kan det fort bli litt trangt med det vi har no, forklarer Zachariassen.

Han held fram:

– Her kjem Statnett, som legg straumkablar til og frå Norge, inn i biletet. Fleire ønskjer at dei skal syte for fiber på dei samme strekningane. Og det seier ikkje Statnett utan vidare ja til. Så her er mange spente på kva som skjer.