Har blitt meir attraktivt for datalagring

Norge er blitt ein meir attraktiv stad å lagre store mengder data. Dette er gode nyheiter for Lefdal gruve.

Lefdal gruve og Mats Andersson

JOBBAR FOR DATALAGRING: Mats Andersson i Lefdal gruve satsar på at enorme datamengder skal lagrast i gruva i framtida.

Foto: Pressefoto/NRK

Årsaka til at Norge er blitt meir attraktiv, er billeg og rein energi. Det viser ein ny internasjonal rapport. Dette gjeld særleg i distrikt som i Sogn og Fjordane der det er tilgang på slik energi.

Kan få etterlengta arbeidsplassar

Mats Andersson driv prosjektet Lefdal gruve som ligg mellom Eid og Måløy. I ein enorm steinhall skal det i framtida lagrast store mengder data.

–Vi skal byggje det som skal bli det største, grønnaste og mest kostnadseffektive datasenteret. Norge har mykje og billeg straum, i tillegg er den «grøn». Det å kunne ha tung industri som datasenter i Norge er fantastisk bra med for oss med tanke på eksport og det er bra for dei som skal kjøpe tenestene.

Styreleiar i IT-forum Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, meiner det er viktig at vi satsar på ein slik industri i distrikta.

– Det kan tilføre Sogn og Fjordane ein del arbeidsplassar som vi lengtar etter, seier Heggheim.

Må byggje ut fibernettet

Men sjølv om Norge er blitt meir attraktivt, har vi eit avgrensa fibernett til utlandet ifølgje rapporten. Vi ligg framleis langt bak nabolandet Sverige.

Per Morten Hoff som er generalsekretær i IKT Norge, meiner at eit fibernett må byggjast ut for at denne IT- industrien skal kunne vekse.

– Tilgang på fiber er heilt avgjerande og noko av det aller viktigaste, seier Hoff.

Mats Anderson hos Lefdal Gruve meiner at det allereie no er god nok nettkapasitet, men jobbar med å gjere den betre.

Eit Nordfjord-selskap kan bli størst i Norge på datalagring. Lefdal Mine Datacenter kjøper statlege Entra sitt store datalagringsprosjekt utanfor Oslo. Det blei feira i Måløy i dag.

SJÅ TV-SAKA: Blir Norges største på datalagring.