Gjølmunnestrengen er namnet, og det er snakk om ein 36 meter lang wire som ein skal balansere på, heldigvis festa i to wirerar over. Denne kjem i tillegg til brua som allereie er der, så det er ikkje snakk om ei obligatorisk øving for dei som skal gjennomføre turen.
- Les:
- Les:
– Dette vert ein ny attraksjon i eit allereie populært område. Vi driv jo med aktivitetsbaserte opplevingar, seier Erik Brendefur i Loen Active.
Fleire våghalsar har allereie prøvd ut den nye wirebrua.
WIREBRUA ER INNVIGD: Erik Brendefur frå Loen Adventure på Gjølmunnestrengen, den nye wirebrua i Loen.
Foto: Nils Jørgen OmbergAuka interesse
Via Ferrata har sidan opninga i 2013 hatt stadig større pågang for folk som vil prøve seg på den spektakulære klatreruta over Nordfjord.
– Det er auka interesse. Det nærmar seg 1000 hittil i år. Og sesongen varer ut oktober, så det er mykje tid att. Målet er 3000.
I fjor nådde dei 1900, men i år har dei forsterka ruta, så det vert ein slags tofeltsveg, i området kalla Ormen Lange.
– Vi byggjer no ein parallell via ferrata på 110 meters lengde nedanfor Gjølmunnebrua for å unngå kø ved stor trafikk. Det kan oppstå kø på opptil 50–70 personar på dette stykket. Dette blir ein spektakulær via ferrata nærare gjølet.
Den nye parallelle via ferrataen blir ferdig til helga.
POPULÆR ATTRAKSJON: Gjølmunnebrua i Via Ferrata i Loen byr på realt magesug med 150 meter rett ned.
Foto: Jan Heggheim- Les:
Alle kan gå
– Har de nokre form for utsiling? Alle er kanskje ikkje i god nok form til å gjennomføre ein slik tur?
– Nei, utsilinga gjer seg sjølv. Turen startar med vanleg sti i 1,5 time, så då vert forma testa, før ein kjem opp til sjølve via ferrataen. Det er kanskje ein av hundre som snur første timen. Det er jo av og til vi har grupper på 50 påmelde, til dømes på firmatur, då er det klart at det er nokre som trekkjer seg, seier han.
- Les også: