Hopp til innhold

Dette gler vi oss over i 2023 – trass alt

Vi tenner våre lykter når det mørknar. Dette gledde vi oss over i året som gjekk – trass alt.

WdrzjS0G_pg

ALDRI SÅ GALE AT DET IKKJE ER GODT FOR NOKO: 2023 var eit bratt år, men ikkje utan håp.

Foto: NTB

«Dette året vart verre enn alle hadde førestilt seg.»

Slik innleiga programleiar Bjørn Myklebust Politisk kvartar på tampen av 2022.

Så kom eit nytt år med blanke ark og fargestiftar til.

Men i staden fekk vi berre endå eit annus horribilis i fleisen.

Samanfatta i stikkordform: Kibbutz-terror, Gaza-krig, «Hans», rettsskandalar, skogbrannar, utilrådelege aksjehandlar og leigeavtaler, habilitetsskandalar, julebrus-krise, sinte vulkanar, solbrille-gate, rentegalopp, prisvekst og framleis krig i Ukraina.

Sjølv julekalenderen på NRK var visst for mørk og dyster.

Finst det håp mot eit slikt bakteppe? Kan vi gå inn i 2024 med lykter og nytt mot?

Ja, insisterer den norske snakkeklassen.

Analysen til paneldeltakarane er i alle tilfelle den same:

Ja, 2023 vart eit bratt år, men aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

Og dessutan: Jon Fosse!

Makta - stemningsbilde - NRK TV

– I eit turbulent år som kulminerer med nok ein forferdeleg krig vart NRK-serien «Makta» eit etterlengta pusterom, seier Nina Grünfeld.

m7RmuLjYOXQ

– Svensk og nordisk kamp mot Elon Musk gir fornya tru på at solidaritet over landegrensene kan vera ein kraftfullt politisk reiskap, seier Karsten Aase-Nilsen.

Foto: NTB
Årdal

– Espen Barth Eide skal ha honnør for å ha vorte ei tydeleg stemme i Gazakonflikten, seier Dag O. Hessen.

Foto: Hans Smedegård
Jølster

– At Norden samlast i Nato er historisk på alle måtar, seier Anniken Hauglie.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Les også Regjeringa ga tre nei til møte om flaumsikring

Gårdsbruket til Borgny Sletten og mannen