Hopp til innhold

Banksjefen er kritisk til «billegsal» av Fjord1

Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest er skuffa over fylkespolitikarane sitt ja til sal av Fjord1-aksjane, som han meiner blir langt mindre lukrativt enn det som har blitt førespegla.

Bankdirektør kritisk til Fjord1-sal

SÅR TVIL OM SALSSUMMEN: Administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, meiner fylkeskommunen har selt aksjeposten i Fjord1 billeg.

Foto: Montasje / NRK

I går gjekk Fylkestinget inn for å selje sin del av Fjord1 til Torghatten. Vedtaket gjekk gjennom med knappast mogleg margin, 16 mot 15 stemmer.

Det har vore snakk om at salssummen til slutt kan ende opp på 1,2 milliardar kroner. Men etter berekningar banken har gjort vil fylkeskommunen berre sitje att med mellom 628 og 772 millionar.

– Etter mitt skjønn er det veldig billig. Eg trur det ville vore mogleg å finne andre kjøparar, som ikkje var konkurrentar av Fjord1 og som kunne ha utvikla eit enno sterkare selskap med utgangspunkt i fylket, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth.

Sår tvil om grunnlaget for avgjerda

Årsaka til den ulike vurderinga i salssummen, er at banken har teke ei såkalla diskonteringsrente på åtte prosent med i berekningane. Det er ein vanleg måte å finne ut kva framtidig inntening har å seie for dagens verdi på eit selskap.

Vedtak i fylkestinget

KNAPT FLEIRTAL: Her bestemmer eit knapt fleirtal i fylkestinget å selje Fjord1-aksjane. Banksjef Kjerpeseth trur ikkje politikarane har hatt god nok tid til å setje seg inn i viktige detaljar i saka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kjerpeseth har tidlegare åtvara mot eit sal og er ikkje imponert over måten fylkespolitikarane har handtert saka.

– Min første reaksjon er at det har blitt gjort ein grunn jobb. Eg er skuffa og overraska over at politikarane tek ei så viktig avgjerd over bordet, utan betre grunnlag på førehand, seier han.

Kjerpeseth seier at aksjonæravtalen og strukturen på transaksjonen er så komplisert, at han tvilar på om politikarane har greidd å setje seg inn i alle detaljane den tida dei har hatt til rådvelde.

– Det er underleg at fylkestinget kan gjera eit vedtak på så kort tid, i ei så komplisert sak, seier han

Fylkesordføraren slår tilbake

Fylkesordførar Jenny Følling er ikkje einig i kritikken og minner om at fylkestinget har jobba med saka i fjorten månader.

Sigerherrane

IKKJE EINIG: Fylkesordførar Jenny Følling meiner dei har hatt ei grundig gjennomgang av saka og at prisen for aksjane er god.

Foto: Bård Siem / NRK

– Når fylkestinget har gjort eit vedtak, så er det fordi dei meiner dei har tilstrekkeleg kunnskap til å gjere det, seier ho.

– Det er berre fylkestinget som har kunnskap om kva bod som har komme inn, om avtalane som har blitt inngått og om omfanget av aktørar som har blitt spurde for å få inn ein best mogleg pris. Vi har valt det beste bodet med dei beste avtalane, som òg sikrar hovudkontor i fylket, seier ho.